Hopp til innhold

Politiet: – La gjerne bilen stå

Etter eit døgn med regn er det laurdag kveld i ferd med å fryse på over det meste av Sogn og Fjordane. Politiet åtvarar bilistar mot svært glatte vegar.

E39 Åbergsdalen i Gaular

GLATT: Våte vegar er i ferd med å fryse til. Her ser ein E39 i Gaular laurdagklokka 17.35.

Foto: Statens vegvesen, nettkamera

Køyrde i fjellveggen i Eid – Ta det med ro køyr forsiktig. Og kan du la vere så er kanskje det beste å la bilen stå, er oppmodinga frå operasjonsleiar Oddvar Lyngset ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

Politiet har laurdag ettermiddag fått inn melding om tre uhell.

I fjellveggen 1

Ein person er send til sjukehus etter at ein bil hamna i fjellveggen på fylkesvegen mellom Lote og Hennebygda i Eid.

– Vi har også fått melding om at ein bil vart treft av isras ved Haukåtunnelen i Nordalsfjorden i Florø. Her kom ingen til skade, opplyser Lynset.

I fjellveggen 2

Og på E39 like aust for Bogstunnelen i retning Vadheim har eit køyretøy rent i fjellveggen.

– Her er det speilblank is fortel ein innringar til NRK. Vedkommande fortel om isføre heile vegen frå Lavik og innover fjorden.

Ifølgje Lyngset er dette også stoda mange andre stader i fylket: Vêret har snudd om og minusgradene gjer regnvåte vegar til reine skøyteisen.

Med unntak av ei trafikkulykke i Sogndal, der det mistanke om aktlaus køyring, har korkje Sogn og Fjordane politidistrikt eller Hordaland politidistrikt (Gulen og Solund) søndag meldingar om at det glatte føre har ført til uhell.