Hopp til innhold

Lastebileigar:- No må det skje noko

Mange nestenulukker og farlege situasjonar med utanlandske vogntog kunne vore unngått. Det meiner Per Andreas Øren i Norges Lastebileigarforbund.

Vogntog skvisa i grøfta på Hemsedalsfjellet

SKVISA: Den blå lastebilen vart skvist ut i grøfta då det utanlandske vogntoget byrja skli inn att i vegen.

Foto: NRK-tipsar

- Det er ein viktig ting styresmaktene må bli betre på, og det er strengare kontrollar på grensa, seier Øren som er leiar i Lastebileigarforbundet i Sogn og Fjordane.

To nestenulukker same dag

Han har sett seg lei på at det stadig vekk oppstår farlege situasjonar, utforkøyringar og ulukker der utanlandske vogntog er involvert.

Semitrailer køyrde seg fast i Sogndalsdalen

FAST: Semitraileren frå Latvia køyrde seg fast i grøfta på motsett side av vegen.

Seinast torsdag førte to dårleg skodde utanlandske vogntog til farlege situasjonar på vegane i Sogn og Fjordane.

I Sogndalsdalen køyrde ein latvisk semitrailer seg fast på glatta, og vart ståande i motgåande køyrefelt.

Sjåføren fekk då ei bot på 11.000 kroner fordi han ikkje hadde gode nok dekk eller nok kjettingar.

Same kveld slapp alle involverte med skrekken etter at ein lastebil vart skvisa i grøfta av ein utanlandsk semitrailer. Semitraileren, som ifølgje folk på staden hadde dårlege dekk og køyrde utan kjetting, hadde køyrd seg fast og stod på tvers i vegbana.

Då lastebilen bak prøvde å køyre forbi byrja semitraileren å skli inn i vegen og klinte seg til slutt heilt inntil lastebil som enda i grøfta. Ikkje langt utfor brøytekanten går fjellsida stupbratt ned i eit djupt gjel i dette området.

(Artikkelen held fram under biletet)

Vogntog skvisa i grøfta på Hemsedalsfjellet

SKULLE ALDRI SKJEDD: Det meiner Per Andreas Øren i Norges Lastebileigarforbund i Sogn og Fjordane.

Foto: NRK-tipsar

- Bilane skulle aldri kome så langt

Likande situasjonar skjer med ujamne mellomrom på vintervegar over heile Norge. Den norske lastebilnæringa har lenge meint at problema kan reduserast.

Kravet om strengare kontroll av dekk, kjettingar og anna utstyr på utanlandske vogntog har vore eit samla krav i fleire år.

- Desse bilane skulle aldri ha kome seg til verken Hemsedalsfjellet eller Sogndalsdalen med slikt utstyr, seier Øren.

Norsk Transportarbeidarforeining meiner i tillegg at oppdragsgjevarane må ta ansvar for at utanlandske vogntog er godt skodde.

Men oppdrettsnæringa vil ikkje ta det ansvaret.

(Artikkelen held fram under videoen)

Video Utenlandske vogntog og fisketransport

Mange farlege situasjonar

Øren og resten av den norske transportnæringa er byrja bli utålmodige, og håpar styresmaktene snart opnar auga og forstår alvoret med å kontrollere vogntoga på grensa.

- Det går for seint, rett og slett, seier lastebileigaren oppgitt.

Han meiner det er for seint når vogntog som ikkje er godt nok skodd først vert kontrollerte når dei til dømes kjem til Statens vegvesen sin kontrollstasjon på Håbakken i Lærdal.

- Det er mange mil mellom Svinesund og Lærdal, for å ta det som eit eksempel. Kor mange nestenulukker og farlege situasjonar oppstår ikkje i løpet av den turen?

- Vi gjer så godt i kan

Allereie i 2006 lova dåverande samferdsleminister Liv Signe Navarsete at kontrollen ved grenseovergangane skulla bli betre.

Men seinast i haust gav Lastebileigarforbundet uttrykk for at ting ikkje har endra seg i praksis.

- Det har ikkje blitt følgt opp godt nok, sa administrerande direktør Olav Slaatsveen til NRK den gong.

På same tid sa Vegdirektoratet at dei gjer så godt dei kan for å kontrollere vogntog som kjem frå utlandet over grensene til Norge.

- Vi gjer så godt vi kan ut frå dei rammene vi har. Det er ein realitet at vi ikkje maktar å stoppe alle køyrety som til ei kvar tid er på vegane, sa rådgjevar Arne Valdemar Nielssen i november.

- Fortvilande

Øren seier det stadig vert arbeidd for å få til betre kontrollar på grensa, og håpar at det skjer noko snart.

- Det er fortvilande for alle involverte at det ofte skjer ting på vegane på grunn av utanlandske vogntog som ikkje er førebudde på vintervegane i Norge, seier Øren.