NRK Meny
Normal

Ho hadde aldri gått på fjelltur med tung sekk. No har ho gått fire veker med Lars Monsen.

Dersom du har sett på «Monsen minutt for minutt» i sommar, har du garantert sett henne. Ho med det raude håret. Mona Klubb frå Bergen gjekk sin fyrste fjelltur med tung sekk 12. juli. Etter det har ho gått og gått. No veit ho ikkje kva ho skal gjera.

Lars Monsen og Mona Klubb

MONSEN OG MONA: I fire veker har Mona Klubb frå Bergen fylgt Lars Monsen over fjell og vidder. Sundag 5. august er det over.

Foto: Astrid Engen / NRK

– Det vert rart å ikkje skulla pakka sekken. No har eg pakka teltet og sekk ned og opp nesten fire veker.

I dag går Mona Klubb og 200 andre siste etappe med «Monsen minutt for minutt», som vert avslutta i Indre Troms.

Eg har gått ein del frå hytte til hytte, men eg har aldri bore med meg telt, liggjeunderlag, mat og slikt. Eg har ikkje trudd at eg skulle greia det, fortel ho.

Mona Klubb / Mona Klubb, frivillig under «Monsen minutt for minutt».

Då Den Norske Turistforening skulle markera 150-jubileet sitt og NRK inviterte heile Noreg med på tur, våga ho.

– Turen skulle starta på Hardangervidda, og der er det flatt. Og så var det kort veg heim, om eg ikkje greidde det, ler Klubb.

Meistring, naturopplevingar og fellesskap

Etter å ha meistra Hardangervidda med tung sekk, vart neste mål Jotunheimen med tung sekk og stigning.

Der la ho 5–6 kilo til lasta.

– Eg måtte jo koma meg til Fannaråki. Då måtte eg verta frivillig og hjelpa å bera. Det var heilt forferdeleg, og fantastisk.

Mona Klubb med armene ut

MEISTRING: Mona Klubb la ut på sin fyrste fjelltur med telt og tung sekk. Den kom til å vara i nesten fire veker.

Foto: Eirin Nilssen Vikøren / NRK

Etter det har Mona bore vasstette gule posar med teknisk utstyr for produksjonen. Då ho skulle henta posane i dag, fekk ho vita at eit helikopter skulle gjera den jobben.

– Då kjende eg meg snytt. Det var så vidt eg ville gje piloten posen min.

– Det er vemodig og trist at det er over. Me kunne berre ha halde fram til Finnmark. Me har jo halve landet att.

Men neste tur er alt planlagd.

– Fyrste helga det er fint vêr i Bergen skal eg på telttur, og så sjå utover byen min frå fjellet mitt. Ulriken er jo mitt fjell. Det har eg ikkje tort tidlegare.

Opplev ein firevekers tur med Lars Monsen på to minutt

SLIK VAR DET: Fire veker med Monsen minutt for minutt på tre minutt.

324.143 steg og 8732 høgdemeter

Desse fire vekene har «Monsen minutt for minutt» lagt bak seg ein distanse på 226,9 kilometer. Dei har gått oppover 8732 høgdemeter, nesten like mykje som opp på Mount Everest (8848 moh.). Dei frivillige har bore 3,5 tonn utstyr for produksjonen og Lars Monsen har til saman gått 324.143 steg.

Rune Møklebust

FINE FOLK: Redaktør Rune Møklebust er overvelda over kor mange som har vore med på fjelltur med Monsen, både fysisk og via skjerm.

Foto: Bjørn Erik Rygg Lunde / NRK

– Heilt fantastisk.

Rune Møklebust er redaktør for «Monsen minutt for minutt», og han er overvelda over deltakinga.

– Mellom 200 og 600 har gått kvar einaste etappe. Eg trur det var flest med på Hardangervidda og i Vesterålen, fortel han.

Og folk har stilt opp og bore utstyr.

– Batteri, aggregat, mat, alt må berast. Folk har vore fantastiske, seier han.

Thor Gjermund Eriksen bærer regisekk for Lars Monsen

ALLE ER MED: I dag ber kringkastingssjef Thor Gjermund Eriksen sekk for Lars Monsen.

Foto: Rune Møklebust / NRK

Målet var å gje folk ei naturoppleving dei kanskje ikkje ville ha fått elles. Både dei som ville vera med å gå, men også dei som av ulike årsaker ikkje kjem seg ut på tur på eiga hand.

– Den tredje veka var det 880.000 personar som såg minst eitt minutt på ei av sendingane våre. Det er fantastiske tal, avsluttar Møklebust.

Jeg vil bare takke Lars Monsen for at du har tatt oss med på denne nydelige turen.

Lena Ariella / (tv-seer)

Takk til Monsen! På denne måten kan vi uføre og sosialhjelpsmottagere som ikke har råd til sko og klær også få følelsen av å ha opplevd noe i sommer!

Ufør / (tv-seer)

Tror veldig mange som har fulgt denne flotte turen er blitt inspirert. Tusen takk for noen flotte uker med mektig natur, og mange gode turtips.

Tone / (tv-seer)

Jeg vil bare takke Lars Monsen for at du har tatt oss med på denne nydelige turen.

Lena Ariella / (tv-seer)

Les òg: Her gjekk Monsen i sommar