Hopp til innhold

«Monsen-effekt» i fjellheimen – sommarrekord for DNT

Den flotte sommaren har lokka mange av oss til fjells i sommar. Fleire av dei betjente hyttene til Den Norske Turistforening har hatt besøksrekord i juli.

Skogadalsbøen

POPULÆR HYTTE: Skogdalsbøen er ei av hyttene som har hatt godt besøk i sommar.

Foto: Monica Hägglund Langen/DNT

– Det har vore over 65.000 overnattingar i juli på dei betjente hyttene vår. Vi har hatt ein auke på seks prosent mot same månad i fjor, så det er mange som besøkjer hyttene våre, seier kommunikasjonsrådgivar Margrethe Assev i DNT.

Mellom hyttene som har auka mest, er den hytta i landets som ligg høgast, nemleg Fannaråkhytta (2068 m.o.h.). Det same gjeld Skogadalsbøen som ligg ein dagstur unna.

Lars Monsen med utsikt til fjell i bakgrunnen

LOKKAR FOLK: Lars Monsen har gått i fjellet i sommar, direkte på NRK1. Det har lokka mange til fjells.

Foto: Astrid Engen / NRK

Begge hyttene blei besøkt av Lars Monsen og turfølget då NRK sende «Monsen minutt for minutt» frå Jotunheimen. Skogadalsbøen hadde over 2200 overnattingar i juli, mot rundt 1300 i fjor.

– Det kan hende at mange har blitt inspirert til å ta turen ut eller til å vere med på desse turane. To av hyttene som Monsen besøkte, nemleg Skogadalsbøen og Fannaråkhytta, har hatt ein formidabel auke med over 70 prosent vekst, seier ho.

Samla kunne Den Norske Turistforening notera 450.791 overnattingar på hyttene i fjor. No luktar dei på 500.000, men det endelege tala for alle hyttene blir først klare mot slutten av året.

Fleire unge

Friluftstradisjonen står sterkt i Noreg, og Aasev seier dette er viktig for mange å komme seg til fjells i sommarferien. Det et flotte vêret har også medverka.

– Det er fantastisk å vere på fjellet, så eg forstår godt at folk har hatt lyst å reise dit.

Trenden er den same i alle fjellområda til DNT som har 57 medlemsformingar og totalt 550 hytter. Også hyttene i Skarvheimen har hatt ei god auke i overnattingar, som Finsehytta i Hordaland, Aurlandsdalen Turisthytte Østerbø i Sogn og Fjordane og Geiterygghytta i Buskerud.

– Her er det kjempebra stemning og masse hyggelege folk. Badetemperaturen har vore super i år, og mange har bada og kost seg, seier Marit Wøllo som er vertskap på Geiterygghytta i ei pressemelding.

– Det er eit godt snitt av befolkninga som besøkjer oss. Det er fleire barnefamiliar som tek turen og du har dei som har vore mykje i fjellet tidlegare. Vi har stadig fleire unge som melder seg inn og så har du dei som ikkje er flaska opp på friluftsliv frå barnsbein av, seier Assev i DNT.

Solid medlemsvekst

Fannaråkhytta

HØGAST: Hytta på Fannaråken ligg 2068 meter over havet.

Foto: Helle Andresen / DNT

DNT gler seg også over auke i talet på medlemmar. No har dei 304.000 små og store som støttar foreininga.

– Vi har hatt ein god medlemsvekst også i sommar med 2,3 prosent auke samanlikna med i fjor. Sidan inngangen til 2017 har over 100.000 meldt seg inn. Det er tydeleg at mange set pris på det arbeidet som DNT gjer. Eg vil seie at medlemsveksten er eit resultat av den innsatsen som mange frivillige legg ned, seier ho.