Hopp til innhold

Lar seg ikkje presse av ministeren - vil stå fast på sjølvstendelina

Rektor Åse Løkeland kjem til å innstille til styret på at høgskulen i Sogn Fjordane skal stå fast sjølvstendeline. Det seier ho etter at kunnskapsministeren tysdag vitja høgskulen i Sogndal.

Åse Løkeland

STÅR FAST PÅ SJØLVSTENDELINA: Rektor Åse Løkeland.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Det blir nok ei innstilling der vi har alternativet med sjølvstendig høgskule som førsteprioritet. Men resten av formuleringane i vedtaket er eg ikkje heilt ferdig med, seier rektor Åse Løkeland

Ho har ikkje meir enn tida og vegen, for saka skal ut i morgon for å vere klar til styrebehandling 4. og 5. februar.

Created by InfoDispatcher

Tidlegare på dagen møtte ho, dei tilsette og styret kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen som kom til Sogndal for å høyre kva høgskulen gjer, og diskutere framtid struktur for den høgare utdanninga i Norge.

– Ministeren er jo veldig tydleg på at han framleis er i den opne fasen, at han framleis er ute og lyttar og er i dialog med oss. Han oppfordra oss til å konkretisere det som vi ser for oss kunne vore Universitet i Bergen si rolle i ei framtidig samarbeid .

Riset bak spegelen

Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen

SER IKKJE BORT FRÅ TVANG: Utdanningsminister Torbjørn Røe Isaksen vitjar høgskulen i Sogndal.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Sjølv om ministeren fleire gonger understreka at han var i Sogndal for å lytte, og at dei framleis er i innspelsfasen så har han eit ris bak spegelen.

– Altså utgangspunktet vårt for denne prosessen er ikkje tvang, men til slutt så er det sjølvsagt ei politisk avgjerd korleis den samla høgskule og universitetsstrukturen i Norge skal sjå ut.

– Så du utelukkar ikkje tvang?

– Det er eit retorisk spørsmål. Vi har det overordna ansvaret for strukturen i Norge, og då kan eg ikkje på førehand seie at det er verkemiddel vi ikkje vil bruke. Utgangspunktet er at vi i halvtanna år har snakka med institusjonane, og framleis har god tid på å vurdere løysingar og forskjellige konstellasjonar.

Styremøte i februar

Styret skal handsame saka den 4. og 5. februar. Rektor Åse Løkeland innstiller også denne gong på at dei skal halde på sjølvstendelina. Men innad i høgskulen har meiningane vore delte, sjukepleiarutdanninga i Førde har blant anna teke til orde for samanslåing med Bergen .

Created by InfoDispatcher

– Ein har vel tolka meldingane frå regjeringa som eit absolutt krav om samanslåing, og i Førde så har ein vore svært opptekne av å gi retning til det samanslåingsalternativet som det då ville bli, og ikkje sitte passive og berre få ei melding frå departementet. Det utfordrar oss i måten vi skal ordlegge oss på i styresaka, seier Løkeland.