Demonstrantar er igjen på plass ved Førdefjorden, klare til å lenke seg dersom gruveprosjektet startar opp.
For ein månad sidan vedtok Sunnfjord kommune at grunnarbeidet til det omstridde anlegget kan byrje.
KLARE TIL AKSJON: Fleire aksjonistar har budd ved Førdefjorden i vinter, klare til å aksjonere.
Foto: Bård Siem / NRKMen gruveselskapet Nordic Mining manglar ei viktig godkjenning: Hausten 2020 sende fleire miljøorganisasjonar inn klage på at selskapet fekk løyve til drift.
Direktoratet for mineralforvaltning behandla saka raskt. I løpet av knappe tre månader vart klagene avviste.
Men då saka vart sendt vidare til Nærings- og fiskeridepartementet for endeleg behandling, starta den lange ventetida.
I november 2020 fekk næringsminister Iselin Nybø frå Venstre saka på bordet.
Det kom ikkje noko vedtak frå henne i løpet av dei ti månadene fram mot valet i 2021.

Heller ikkje dagens næringsminister, Jan Christian Vestre frå Arbeiderpartiet, har fatta vedtak i saka etter at han byrja som statsråd i oktober 2021

Til saman har to regjeringar brukt rundt halvanna år på klagesaka. Framleis er det uvisst når det kjem endeleg vedtak.
– Vanskeleg å forstå
Gruveselskapet Nordic Mining seier no tydeleg frå om tidsbruken.
Driftsdirektør Kenneth Nakken Angedal skriv at det er «vanskeleg å forstå» at klagebehandlinga skal ta så lang tid.
– Det er bra med gode demokratiske prosessar, men at Nærings- og fiskeridepartementet brukar så lang tid på å vurdere ein klage som vart avslått av si eiga fagmyndigheit, er ikkje bra.
Han viser til at selskapet snart har brukt 15 år på å jobbe fram prosjektet, som er «grundig vurdert og godkjent av alle etatar».
– For Nordic Mining er driftskonsesjonen viktig for å sikre finansieringa av anlegget, seier han.
I alt har prosjektet ein kostnadsramme på rundt 2 milliardar kroner. Tidlegare i vinter gjekk lokale investorar inn med 132 millionar kroner.
FOR LANG TID: Driftsdirektør Kenneth Nakken Angedal i Nordic Mining seier departementet brukar for lang tid i saka. Han seier det er «vanskeleg å forstå».
Foto: Eirin Tjoflot / NRKJusprofessor: – Skuldar å forklare
Jan Fridthjof Bernt er professor emeritus ved Universitetet i Bergen og ekspert på offentleg forvaltning.
Han seier lova er krystallklar når det gjeld tempo i saksbehandlinga i ei konkret sak.
Forvaltningsorganet har plikt til å førebu og avgjere saka «utan ugrunna opphald».
– Ein må spørje seg: Kva er årsaka til at dette har teke så lang tid? Det må departementet gi eit svar på.
Han viser til at departementet har rettsleg plikt til å forklare seg når saka dreg ut i tid. Manglande svar kan gå på tilliten laust, som igjen fører til spekulasjonar.
– Folk kan tenke at her er det nokon som spring frå ansvaret eller ikkje tør å ta ansvar. Dei som er partar i saka har behov for å vite kor lenge dei skal sveve i uvisse.
– ØR FORKLARE SEG: Professor emeritus Jan Fridthjof Bernt seier ei sak må ferdigstillast «utan ugrunna opphald».
Foto: NRKSkuldar på pandemien
Nærings- og fiskeridepartementet viser til stort arbeidspress og avgrensa kapasitet på grunn av koronapandemien.
– Difor er saksbehandlinga av Engebø-saka forseinka, seier kommunikasjonsrådgjevar Halvard Wensel.
Departementet legg til at dei «er i sluttfasen av behandlinga av klagesaka og vedtak kan vere venta om ikkje lenge.»
– Godt teikn at det tek tid
Natur og Ungdom er ein av organisasjonane som sende inn klage hausten 2020.
Leiar Gina Gylver seier ho håper den lange sakshandsaminga fører til «ei ny og grundig vurdering».
– Det har teke lang tid, men det kan også vere eit godt teikn.
Ho meiner likevel ventetida har hatt negative sider.
– Det er tungt for lokalsamfunnet – å leve med denne trugselen om miljøøydeleggingar som heng over samfunnet i så lang tid.
GODT TEIKN: Leiaren i Natur og Ungdom, Gina Gylver, håper den lange sakshandsaminga er eit godt teikn.
Foto: Jonas Løken Estenstad / NRKNaturvernforbundet sende også inn klage, saman med 11 andre organisasjonar hausten 2020.
Leiar Truls Gulowsen seier det er «eit godt teikn at det tek tid» og ventar å få medhald.
– Vi reknar med det skuldast at departementet ser at vi har gode argument.