Hopp til innhold

Investorar inn med 132 millionar i omstridd gruveprosjekt

Lokale investorar går inn med kapital i omstridd gruveprosjekt ved Førdefjorden.

Førdefjorden ved Vevring

FØRDEFJORDEN: Engebøfjellet (til venstre i biletet) ved Førdefjorden inneheld Noregs største førekomst av mineralet rutil.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Nordic Mining hentar inn 132,5 millionar kroner i ny kapital frå lokale investorar.

Det går fram av ei børsmelding til Oslo Børs.

Det Oslo Børs-noterte selskapet har jobba for å realisere eit gruveprosjekt for rutil ved Engebøfjellet i Sunnfjord kommune sidan 2006.

Dette er ein milepæl for prosjektet, seier Christian Gjerde, som er finansdirektør i Nordic Mining.

Han seier dei lokale investorpengane vil utgjere «ein ikkje ubetydeleg andel av eigenkapitalen» og at dei for tida er i «pågåande diskusjonar med fleire strategiske investorar».

Totalt har gruveprosjektet ein kostnadsramme på 218 millionar dollar.

Noregs største førekomst

Engebøfjellet inneheld Noregs største førekomst av rutil, som er eit mineral som brukast som kvitningsmiddel i tannkrem, mat og måling, og som metall i fly og sportsutstyr.

Men prosjektet har vore omstridd, og konsekvensutgreiingar, reguleringsprosessar og motstand frå miljøinteresser har bidrege til at prosjektet har dratt ut i tid.

I 2015 skrev fleire enn tusen personar under på at dei vil lenkje seg fast i protest mot eit fjorddeponi.

I oktober meldte NRK at gruveselskapet får rive 23 bygningar – før alle klagene er behandla.

Direktoratet for mineralforvaltning gav driftsløyve til prosjektet i 2020.

Men Naturvernforbundet og WWF har klaga på vedtaket, og saka ligg no på bordet hos Nærings- og fiskeridepartementet.

Departementet skriv i ein e-post til NRK at saka har prioritet i departementet, men at saksbehandlinga har vore råka av koronapandemien.

Vi forventar svar i løpet av kort tid, seier finansdirektøren i Nordic Mining.

Aksjonerer på Engebøfjellet

MOTSTAND: Gruveprosjektet ved Førdefjorden har vore omstridd, og konsekvensutgreiingar, reguleringsprosessar og motstand frå miljøinteresser har bidrege til at prosjektet har dratt ut i tid.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Du må vege fordelane mot ulempene

Blant dei lokale investorane er Jon Helge Lunde, som har gått inn med 2 millionar via sitt holdingselskap.

Som investor burde eg kanskje ikkje seie dette, men mi primære målsetting er å få til aktivitet. Så håper eg sjølvsagt at det blir ein lønnsam investering.

Om motstanden seier han fylgjande:

Det er ikkje mogeleg å gjere noko som helst knytt til våre naturgjevne fortrinn som ikkje har ein ulempe. Sjølv om du går tur på fjellet, trakkar du på nokre dyr. Her, som i alle tilfelle, må du vege fordelane opp mot ulempene.

Jenny Følling (Sp) er ny ordførar i Sunnfjord.

Det å kunne hente inn så mykje lokal kapital viser lokal tru på og interesse for industriprosjektet, seier ho.

Forgjengaren hennar er Olve Grotle (H), som i haust vart vald inn på Stortinget.

Eg synest det er positivt at lokale investorar er med det store mineralprosjektet til Nordic Mining. Det vil både styrke den lokale forankringa til selskapet, og føre til at ein endå større del av verdiskapinga kjem lokalsamfunnet til gode, seier han.