Kort tid før avspark gler ho seg veldig og trur det blir artig.
– Eg trur sjansane våre til å vinne kampen er 51-49, seier ho.
I går var ho med på dugnad for laget sitt, men blei ikkje utslitne av den grunn.
– Nei, her var det mest snakk om å vise seg fram, ikkje hardt fysisk arbeid, ler ho.
Dugnaden bestod i å vere med å promotere ein bil for ein forhandlar som Stabæk samarbeider med.
– Vi gjekk rundt og snakka med folk, det var veldig hyggjeleg.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Har planlagd kvelden
GLER SEG: Siri Nordeide Grønli trur Stabæk vinn i dag.
Foto: Peter TubaasStabækdamene har planlagt kvelden og det blir feiring om dei vinn eller taper kampen.
– Det er ein såpass stor dag at vi har planlagd dette og det er mykje av det same skjer uansett korleis det går. Men klart det er hyggjelegare dersom vi vinn, seier ho.
Norges Fotballforbund håper på opp mot 10 000 tilskodarar, og Nordeide Grønli håper så mange tek turen
– Det er stort å spele for så mange og høyre drønnet frå tribunen.
Tre kvinner frå fylket
Også Elise Thorsnes frå Leikanger og Kine Kvalsvik frå Luster er med under cupfinalen. Dei to sognejentene spelar for Røa.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ: