Det var duka for ein skikkeleg toppkamp mellom to av Norges aller beste lag, då Stabæk laurdag tok imot Røa på heimebane.
Og som ei rosin i pølsa for fotballinteresserte i Sogn og Fjordane: Duellen mellom profilane Siri Nordeide Grønli og Elise Thorsnes.
TAPTE: Elise Thorsnes og Røa
Foto: Bjørn Sigurdsøn / ScanpixFekk pangstart på kampen
Men det var aldri nokon særleg tvil om kor sigeren ville komme til å ende:
Allereie etter tre minutts spel sende Katrine Pedersen heimelaget Stabæk opp i leiing - og derifrå og ut vart det ein parademarsj frå Stabæk si side i toppkampen:
Etter ein halv times spel stod det 3-0, og heimelaget gav seg ikkje før det stod heile 7-0.
Heng med heilt i toppen
Både Nordeide Grønli og Thorsnes spelte heile kampen for sitt lag, men ingen av dei kom på scoringslista denne gongen.
- LES OGSÅ:
Det er spelt seks serierundar i Toppserien, og Stabæk ligg på andreplass - to poeng bak LSK Kvinner. Røa er etter laurdagens stortap seks poeng bak tetlaget i divisjonen.