- Ei god blanding av erfaring og ungdommeleg pågangsmot, sa landslagssjef Bjarne Berntsen då han i dag presenterte troppen til sommarens fotball-EM for kvinner.
Men landslagssjefen fann ikkje plass til høyangerjenta Siri Nordeide Grønli som i år har vore fast inventar på A-landslaget sine samlingar.
Skuffa
Det har i løpet av 2009 gjeve Stabæk-spelaren tre kampar med flagget på brystet.
- Det er klart ein blir skuffa når du har vore med på alt av samlingar. Samstundes veit eg også at eg er mellom dei som har kjempa i skorpa heile vegen, og har vore mellom dei siste som har vore utteken, seier Nordeide Grønli.
Håpa på EM
Backen har i år fått 15 kampar og eitt mål for tabelltrear Stabæk.
- Eg hadde håp om å få vere med til EM, og det er det eg har jobba mot. Men det var nokon som fortalde meg at idrettslivet består av 20 prosent glede og 80 prosent skuffelse. Eg hadde ikkje oddsen på mi side, seier ho.
Ikkje nok spesialisert
Landslagssjef Berntsen fann derimot plass til leikanger-jenta Elise Thorsnes.
- Eg fekk tilbakemeldingar som går på at eg er ein allsidig spelar utan teknisk kompetanse på ein ting. Landslagsleiinga ynskjer spisskompetanse på ulike område, seier Nordeide Grønli.
Skal vere klar
No må 25-åringen følgje EM frå sofakroken.
- Det kan jo bli forfall og eg har eit klubblag å tenke på, så eg må halde meg i form. Dersom det blir forfall, og dersom eg blir teken med, så skal eg i alle høve vere klar, seier ho.