Laget har teke gullet i eliteserien i fotball for kvinner med ein runde igjen å spele. Dei slo Trondheims-Ørn 3-0 på heimebane i ettermiddag.
Har venta på gullet
Nordeide Grønli har cupgull frå før, men dette er det første seriegullet.
– Det er berre så utruleg deilig. Endeleg fekk eg det, for eg har venta ei stund, fortel ho.
Frå før av har ho eit cupgull og ei rekkje cupfinalar. Dei var nære på i fjor, med gullet glapp på målstreken.
– Med dette gullet har eg dei to eg helst vil ha, fortel ho.
Klare for Europa
Og med seriemeistertittelen i boks, så ventar også nye utfordringar.
– No er vi klare for Champions League, det blir knalltøft. Det er første gong eg får prøve meg der, så eg gler meg veldig til å kjempe mot dei beste laga i Europa.
Feiring på stampuben
No skal heile laget feire med supporterane sine på stamstaden «Onkel Blå».
– Det skal bli skikkeleg koseleg. Supporterane har vore heilt fantastiske og dette fortente dei.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ: