Hopp til innhold

Labradoren Extra sniffar seg fram til sprengstoff i tunellar

Til no i år har Extra og dei andre firbeinte snust seg fram til 500 kilo udetonert sprengstoff på veganlegg og i tunellar i heile landet. Framleis skjuler det seg store mengder dynamitt.

Fire år gamle Extra er i arbeidsmodus. Ho har fått på band, og er klar for ei lang økt inne i den tre kilometer lange tunnelen.

Jobben jaktlabradoren gjer er avgjerande for tryggleiken til arbeidarane som i løpet av kort tid skal heve standarden på denne tunellen. I eitt år har ho trent for å bli brukt til slike jobbar.

– Det er fare for at arbeidsfolk borer inn på gamal dynamitt som ligg skjult i tunnelveggen- eller taket. Då kan det bli ein eksplosjon som fører til ulukke, det seier Inge Haustveit, fagleg rådgjevar for bergsprenging i Vestland fylkeskommune.

I 2014 omkom tre personar etter eit sprengingsuhell på Geilo. Under oppryddinga av ulukka vart det også funne fleire kilo udetonert sprengstoff.

For ein knapp månad sidan melde Enebakk Avis om at Vegvesenet i fleire år visst om 33 borehol med sprengstoff som står att i Oslofjordtunnelen.

Dynamitthunden Extra i arbeid i Magnhildskartunnelen i Bremanger.

ARBEID: Inne i tunnelveggane skjuler det seg dynamitt frå 60-talet. Hunden Extra sørgjer for at dei skjulte farane blir oppdaga.

Foto: Oddgeir Sæle /

Sikrar heile landet

Gjennom dagen kjem det høge bjeffelydar frå hundane Extra og Krista. Saman med hundeførarane sine og dei andre hundane i selskapet reiser dei land og strand rundt for gjere ulike anlegg tryggare.

Berre på dei 100 første metrane finn dei spor etter sprengselladningar som er nær 70 år gamle.

– Det ligg mykje trening bak, mange tusen timar, seier Olav Bones.

Han er hundeførar, med lang erfaring frå forsvaret med bombehundar og vegbombehundar. Å tråle grøftekantar i norske tunellar og køyre korgbil for at hundane skal få snuse ekstra godt på tunnelltaket, er ein like viktig jobb, meiner han.

Ingen oversikt

Handteringa av sprengstoff har variert gjennomt tidene. Då vegvesenet starta med sprenging av fjell fjerna dei all synleg sprengstoff.

Men det som låg att i veggar og tak vart ofte berre liggande. Dermed manglar dei total oversikt over kvar, og kor mykje sprengstoff som ligg skjult i tunnelar og på veganlegg.

Frå 2016 til 2018 vart det funne 500 kilo sprengstoff takka vere hundane.

Til no i 2021 er det allereie funne 500 kilo. I alle tunnellar der det er søkt etter gamalt sprengstoff blir det gjort funn.

– Vi jobbar for å få ei god oversikt. Vi tilrår at ein i alle område der det er sprengt før er observante på at det kan vere gamalt sprengstoff der. Det kan stå att mange stader, seier Ingar Reinskås. Han er fagrådgjevar for sprengstoff i Statens vegvesen.

Inne i tunnelltunnelenbeidsdagen mot slutten. I hendene til Inge Haustveit ligg delar av dagens funn. Restar etter gamal dynamitt og frå ein rørladnrøyrladning.

– Dessverre finn vi litt for mykje.

Dynamitthunden Extra har gjort funn i Magnhildskartunnelen.

DYNAMITT: Når hunden Extra set seg stille ned er det eit teikn på at det skjuler seg dynamitt i området.

Foto: Oddgeir Sæle /