Kystverket frårår Stad skipstunnel

Risikoen med å segle rundt Stad er vesentleg nedjustert - difor meiner Kystverket at skipstunnelen ikkje bør byggjast.

Tegning Stad Skipstunnel
Foto: KYSTVERKET / SCANPIX

Konklusjonen i rapporten er at kostnadane vert for høge i forhold til nytten og at nye varslingssystem for ver og vind gjer det tryggare å segle forbi Stad.

I 20 år har det vore planar om ein 1700 meter lang tunnel gjennom fjellet mellom Kjødepollen og Moldefjorden. Denne skulle lose båtane trygt forbi det verharde Stadlandet.

17 utgreiingar

Kystverket fekk i vår oppdrag frå Fiskeridepartementet om å gjennomføre ei såkalla konseptvalutgreiing av Stad skipstunnel. Dette var den 17. utgreiinga på 20 år.

No er rapporten klar, og Kystverket tilrår å ikkje byggje tunnel ut frå ei heilskapsvurdering. Skal det likevel byggjast ein tunnel, så meiner dei at ein bør gå for alternativet med ein mindre tunnel. Det vil seie at mellom anna hurtigruta ikkje kan passere gjennom.

Nedjustert risiko

Kystdirektør Kirsti Slotsvik seier at konklusjonen i utgreiinga blei annleis denne gongen enn i 2007.

–Det viser seg at det ikkje er lønsamt å byggje tunnelen. Risikoen med å segle rundt Stad er vesentleg nedjustert i denne rapporten i forhold til den som vart laga i 2007. Vi har mellom anna bytta ut vinddata med bølgjedata, noko som også hadde noko å seie. I tillegg har vi gjort ei behovsanalyse som i større grad skulle vere nasjonal i staden for regional. Alle desse faktorane har gjort til at nyttefaktoren blir negativ.

– Må vente til endeleg rapport

Ho reknar med at folk i området blir skuffa over denne rapporten.

– Men no går desse berekningane til ei kvalitetssikring. Så før ein heiser opp eller ned flagget, så skal ein kanskje sjå kva svar som kjem frå der.

Ho trur likevel ikkje at konklusjonen blir så veldig annleis etter kvalitetssikringa.

– Det går nok i stor grad på at vi har fått andre og betre talgrunnlag. Veret har ikkje endra seg ved Stad, men båtane har mellom anna blitt betre.

Trur på snarleg konklusjon

Fiskeri- og Kystdepartementet skal no starte arbeidet sitt med kvalitetssikringa, men kystdirektøren veit ikkje kor lang tid dei brukar på dette arbeidet.

– Innan nokre månader bør vi få den endelege konklusjonen.

Skuffa ordførara

Ei av dei som er skuffa over at den førebelse rapporten er ordførar i Selje, Gunn Helgesen.

– Eg kan ikkje seie anna enn at dette var trist å høyre, men vi er ikkje ferdige med saka enno.

Saka har blitt ei varm potet som har vorte kasta frå den eine regjeringa til den andre.

– Tunnel-saka har blitt halden varm, men er gammal nok til å få ei avgjerd. Vi bur ved Stad og vi snakkar med næringslivet og dei som brukar sjøen. Deira behov for ein skipstunnel har ikkje endra seg.

Ho påpeikar også på at tunnelen er inne i Nasjonal transportplan, med det atterhald om at nytteverdien skal vere god nok.

– No får vi køyre saka vidare, så får vi sjå kva som blir resultatet.

Skisse over Stad skipstunnel.

SLIK ER DEN TENKT: Dersom tunnelen blir bygd, skal den gå mellom Kjødepollen og Moldefjorden.