Skuffa over ny utgreiing av tunnel

Fylkesordførar Nils R. Sandal er svært skuffa over at kystverket set i gang med nye utgreiingar av Stad Skipstunnel.

Stad skipstunnel, Kjødepollen - illustrasjon

Stad skipstunnel vert utsett nok ein gong.

Foto: NORDWEST3D

Nils R. Sandal

Fylkesordførar Nils R. Sandal

Etter tjue år med utgreiingar er det no klart for den 17. i rekka, noko som har sett sinna i kok hos folk langs kysten. Sandal meiner det er på høg tid at bygginga kjem i gang.

– Eg trudde vi var ferdige med utgreiingsstadiet, så eg må seie at er veldig skuffa over at vi må gå nye rundar.

Det var før helga Kystverket gjorde det klart at skipsstunnelen skulle ut på nye utgreiingar etter at det har vore utgreidd 16 gonger dei siste 20 åra.

– Haldne for narr

Fylkesordføraren her i fylket får følgje av kollegaen nord om fylkesgrensa, Olav Bratland frå Høgre.

– Når den blir utgreia så mange gonger og det ikkje blir noko av, trur eg at vi må bruke slike ord som å bli halden for narr.

Meiner Ap må vere med

Tidlegare fylkesordførar i nordfylket, Jon Aasen frå Arbeidarpartiet viser til at partisekretær Raymond Johansen ha sagt at Arbeidarpartiet no skal erobre Vestlandet.

– Det betyr at Arbeidarpartien må vere med på å byggje infrastruktur på Vestlandet viss dei skal vere eit parti vestlendingane føler er på deira side.

Opp i Vestlandsrådet

Nils R. Sandal vil no ta saka opp i Vestlandsrådet, der nettopp Olav Bratland no er leiar.

– Alle vi fire fylka på Vestlandet er opptekne av at dette skal skje, og vi vil gjere det vi kan for å framskunde prosjektet.