Kvinnene gjer for alvor inntog i styrkesportane

Norske kvinner er ikkje lenger berre opptekne av å trene styrke. Talet konkurrerande kvinner i styrkeløft og vektløfting har dobla seg dei siste åra.

Treningsglede

EM-GULL: Silvia Kapstad vann for ein månad sidan gull under EM for junior. Ho synest det er veldig kjekt at stadig fleire jenter vil delta i konkurransar i styrkeløft og vektløfting. (Silvia er kvalifisert til senior-NM, men er inne i ein konkurransefri periode før VM for junior i august).

Foto: Arianrhod Engebø / NRK

– Eg merkar at det er mange fleire jenter som er med på stemner, seier Silvia Kapstad (20) frå Førde.

Ho deltok på sitt første styrkeløftstemne i 2014 og vart i april europameister for junior. Ho trur mange tek steget frå trening til konkurranse fordi dei ser at målretta trening gir resultat.

– Og det er kjempekjekt.

Fleire kvinner enn menn på NM

Morten Novum

NESTEN DOBBELT SÅ MANGE: President Morten Novum i Norges Styrkeløftforbund er glad kampanjen deira har verka. – Det er ei spennande utvikling. No må vi kanskje ha kampanjar for å rekruttere menn, flirer han.

Foto: Privat

Statistikkane frå Norges Vektløftarforbund og Norges Styrkeløftforbund viser at talet på kvinner som konkurrer aukar kraftig.

– Vi skal ikkje mange år tilbake i tid før det var ei utfordring for oss å ha mange nok damer til å kunne dele ut kongepokal på NM. I år har vi for første gong fleire kvinner enn menn som skal delta på NM, seier president i Norges Styrkeløftforbund, Morten Novum.

I år deltek 50 kvinner på senior-NM. Dei siste ti åra har det blitt 86 prosent fleire konkurrerande kvinner i styrkeløft.

Frå 66 til 212

Også vektløftarsporten merkar inntoget frå kvinnene. Ola Bergheim, leiar i Sogn og Fjordane vektløftarkrins, seier talet konkurranseaktive har gått frå 66 i 2011 til 212 i 2015.

– Det er ei mangedobling på kort tid. På NM i vektløfting er det no rundt 30–40 prosent kvinner.

Bergheim trur mellom anna trenden med crossfit-trening har vore viktig, der begge vektløftarøvingane inngår.

– Mange har dermed fått opplæring i rykk og støt og fått interesse for det. Ein del av dei som deltok på NM sa at dei kom inn via crossfit.

I styrkeløftforbundet har dei over fleire år arbeidd aktivt for å lokke kvinnene med.

– Eg trur kampanjen trefte ein trend i tida, det har blitt meir populært å trene styrke, seier Novum.

Ingvild Lien på sitt første styrkeløftstemne

SERIØST: Ingvild Lien har trent styrke sidan ho var 16 år, men først dei to siste åra har det blitt meir seriøst. Her er ho på sitt første styrkeløftsstemne i fjor. (Ingvild skal ikkje vere med på senior-NM, iallfall ikkje i år).

Foto: Privat

– Meir akseptert

Ingvild Lien (30) frå Sande er personleg trenar. Ho ser at fleire kvinner vil trene tung styrke.

– Eg trur det er blitt meir akseptert for jentene å vere sterke. Målet er å bli sterkare i staden for berre kroppsfokuset.

Lien deltok sjølv på sitt første styrkeløftsstemne i fjor.

– Det blir kjekkare å trene og gir meg meir motivasjon til å trene så mykje som eg skal.

Fleire førebilete

Bergheim trur fleire kvinner i styrkesportane blir ein sjølvforsterkande sirkel.

– Media har i vektløfting gjerne berre ville fokusere på dei på 150 kilo, som brøler og ser store ut. Men med fleire kvinner i forskjellige vektklassar får jentene kvinner dei kan identifisere seg med.

– Eg trur jenter begynner å skjønne at dei ikkje blir store og ser ut som ein gut om dei trenar tung styrke, seier Kapstad.