Hopp til innhold

45 prestar med opprop mot «heksejakta» på Mikael Bruun

I eit opprop blir media og prestekollegaer skulda for heksejakt på sokneprest Mikael Bruun. Seks av dei som har underskrive er kvinner.

Fra venstre: Hanne G. Sinkerud, Ingunn Aarseth Høivik, Anne Lise Matre, Ingrid Myrtveit Petersen

MOT HEKSEJAKTA: Hanne G. Sinkerud, Ingunn Aarseth Høivik, Anne Lise Matre, Ingrid Myrtveit Petersen (frå venstre) er fire av 45 prestar i Den norske som har skrive under på eit opprop mot «heksejakta» mot Mikael Bruun.

Foto: Den norske kirke

– Nokre av dei som har skrive under er samde med han i hans embetssyn, andre er det ikkje, og nokre er kvinnelege prestar. Det vi har felles er et ønske om å vise ham støtte og slå et slag for det teologiske samvitet i Den norske kyrkje.

Det seier Benjamin Bjørnsen Anda, som er sokneprest for Giske og Vigra.

Han er ein av 45 prestar og teologistudentar innanfor Den norske kyrkja, som no «slår kollegial ring» om Mikael Bruun etter det dei kallar «ei heksejakt frå media og delvis også frå prestekollegaer».

Seks av dei som har underskrive er kvinner.

I alt er det i dag 1200 prestar i Den norske kyrkja.

Det har storma rundt sokneprest Mikael Bruun etter at han sa at «prestetenesta er øyremerkt menn», og at han ikkje kan ha nattverd og gudsteneste med kvinnelege kollegaer.

– Vi ønsker sjølvsagt et godt arbeidsmiljø i Den norske kyrkje. Men usemje om teologiske spørsmål og dårleg arbeidsmiljø kan det ikkje setjast likskapsteikn ved. Vi ønsker gjensidig respekt for kvarandre uavhengig av teologiske standpunkt, står det i brevet.

Brevskrivarane avsluttar:

– Mikael Bruun, du er ønskt som prest i Den norske kyrkje, om ikkje av alle – så av oss!

Benjamin Bjørnsen Anda, cand. theol. og sokneprest for Giske og Vigra

VISER STØTTE: – Det vi har felles er et ønske om å vise ham støtte og slå et slag for den teologiske samvitet i Den norske kyrkje, seier Benjamin Bjørnsen Anda, sokneprest i Giske og Vigra.

Foto: Privat

Gløymte at statskyrkja var avskaffa

«Mikael Bruun-debatten» har både ei utvendig og innvendig side. Den fyrste er knytt til Den norske kyrkje som berar av felles, nasjonale verdiar.

Sjølv om «statskyrkja» formelt vart avskaffa i 2012, seier Grunnlova framleis at Den norske kyrkje «forbliver Noregs Folkekirke».

Spenninga i denne ordlyden var forklaringa på at programkomiteen i SV i 2019 gløymte at statskyrkja allereie var avskaffa.

Debatten innanfor kyrkja handlar om kor langt samvitet til arbeidstakarane kan strekkast. Tanken er fri, men kva om han går på arbeidsmiljøet laus?

– Dette er spenningar vi må kunne leve med. Også når det for nokre får praktiske konsekvensar, meiner forfattarane av oppropet.

I 1978 vart «køyrereglane» innført for å regulere arbeidsmiljøet der to kollegaer held på to uforlikelege syn på kor vidt kvinner kan vere prestar.

– Køyrereglane «legitimerer kvinnediskriminering» ved å halde oppe strukturar som gjer det mogeleg å reservere seg mot å samarbeide med kvinnelege prestar, skrev Stig Lægdene i eit debattinnlegg i Vårt Land, 12. august.

«Praksisen er uhaldbar moralsk og teologisk», fortsette domprosten.

Mikael Bruun og domprost Stig Lægdene i debatt på NRK.

DISKRIMINERER: – Køyrereglane «legitimerer kvinnediskriminering», meiner domprost Stig Lægdene. Her i debatt med Mikael Bruun.

– Har godtatt nokre avgrensingar

– Eg vil vere forsiktig med å gi råd til kyrkja, seier likestillingsombod Hanne Bjurstrøm.

Ho legg likevel til at kyrkja må forstå at det verkar «litt rart» at på den eine sida anerkjenner kvinnelege prestar; og på den andre sidan anerkjenner at enkelte ikkje vil jobbe saman med kvinner.

Ho seier likestillingsloven «gjer det klinkande klart at kyrkja ikkje kan diskriminere på nokon måte», men at dette prinsippet må «brytast mot trusfridomen».

– Vi har difor godtatt nokre avgrensingar i likestillingsloven med omsyn til å utøving av tro.

Hanne Inger Bjurstrøm

LITT RART: – Kyrkja må forstå at det verkar «litt rart», seier likestillingsombod Hanne Bjurstrøm.

Foto: Kim Saatvedt