Hopp til innhold

Kvinne fengsla i fire veker etter brann

Ei kvinne i 20-åra er i Sogn og Fjordane tingrett fengsla i fire veker. Ho er sikta for brannstifting og ruteknusing i Florø.

Brann i rekkehus i Florø

HUSBRANN: Rekkehuset i Havrenesvegen i Florø etter brannen natt til fredag.

Foto: Fredrik Johan Helland / NRK

– Ho er fengsla i inntil fire veker fordi retten meiner det er fare for gjentaking, seier forsvarar Ivar Blikra.

Han seier kvinna har erkjent forholda, men at ho har ikkje teke stilling til straffskuld.

– Ho har sagt til politiet at det var ho som kasta stein på to bilar og at ho starta ein brann i Havreneset i Florø. Eg vil ikkje seie noko meir om forklaringa hennar på eit så tidleg tidspunkt i etterforskinga, seier han.

Det var natt til fredag byrja det å brenne i eit rekkehus i Florø, og fleire måtte evakuerast. To leilegheiter blei totalskadde i brannen. Ingen blei skadde, mykje takka vere nokre unge kvinner som var i området og fekk ut folk av det brennande rekkehuset.

Politiadvokat Sigrid Sulland seier kvinna blei pågripen seint fredag kveld og at ho blei sikta i saka. Det var både vitneobservasjonar og andre opplysningar som førde til at kvinna blei pågripen. Det er gjort avhøyr, men Sulland meiner det blir fleire.

Ho seier det også står att både krim- og branntekniske undersøkingar.

– I slike saker blir det oppnemnt to brannsakkyndige som vil gjere undersøkingar på åstaden og mellom anna uttale seg om brannen «lett kunne medføre tap av menneskeliv», som er eit av vilkåra i straffeloven paragraf 355, og som kvinna er sikta for.

Forsvarar Ivar Blikra seier dei enno ikkje har teke stillinga til om dei skal anke avgjerda om varetektsfengslinga. Kvinna er tidlegare dømd, men det gjeld ikkje brannstifting.