Hopp til innhold

Jentene handla raskt då rekkjehuset byrja å brenne: – Kan ha redda liv

FLORØ (NRK): Venninnene banka på dører og fekk folk ut av det brennande rekkjehuset. No vert dei hylla av brannmannskapet og politiet.

REAGERTE RASKT:

REAGERTE RASKT: Tuva Korneliussen (Frå Venstre), Hedda Reksten Eick og Vilde Gulbrandsen var raske å melde ifrå då det brann i eit rekkjehus i Florø. Deretter varsla dei heile nabolaget.

Foto: Oddmund Haugen / NRK

– Vi hadde ikkje tid til å tenkje over at det var skummelt, vi måtte berre handle, seier Vilde Faye Gulbrandsen.

Ho og ein vennegjeng var i nærleiken då det byrja å brenne i eit rekkjehus i Florø natt til fredag. Ein snartenkt og heltemodig innsats gjorde at dei fekk bebuarane i området ut av husa sine.

Brann i rekkjehus i Florø.

TOTALSKADD: To leilegheiter ved enden av rekkjehuset i Florø er heilt utbrente.

Foto: Oddmund Haugen / NRK

– Det sa pang

Det var litt før klokka to om natta at Vilde og nokre vennar sat ved ein Mix-kiosk i nærleiken av Florø sentrum. Like før dei skulle vende nasen heimover, høyrde dei eit smell like ved.

– Det sa berre «pang», og så stod eit hus i fyll fyr. Det var ei absurd oppleving.

Gulbrandsen reagerte kjapt og ringde brannvesenet. Deretter sprang dei til alle nabodørene for å banke på og få folk ut.

– Alt skjedde så fort. På berre eitt minutt hadde ytterdelen av huset tatt fyr, og delar av taket byrja å dette ned. Difor måtte me berre banke på alle dører og vindauge, seier ho.

Varmen frå flammane gjorde redningsarbeidet tøft, men Gulbrandsen og venninnene vurderte aldri å gje opp. I tillegg var brannmannskap raskt på staden for å starte sløkkearbeidet.

Varmt i nabolaget etter brannen i Florø

VARMT: Temperaturen var svært høg i nabolaget som følgje av flammane. Det var likevel ikkje eit hinder for Guldbrandsen og vennane.

Foto: Oddmund Haugen / NRK

– Som i ein film

Etter kvart som brannen utvikla seg, kom fleire til for å hjelpe. At det var så mange som banka og ropte for å få folk ut, trur Gulbrandsen kan ha vore avgjerande for at alle kom seg ut av husa sine.

– Det var til dømes ei eldre dame i rullator der som trengde hjelp for å komme seg vekk. Ho var heilt oppskaka, og visste ikkje kvar ho skulle gjere av seg.

– Vi er medborgarar med ansvar om å få ut folk så fort som mogleg. Men eg har sjølvsagt tenkt litt på det no i ettertid, korleis det hadde gått dersom me ikkje gjorde som me gjorde, seier ho.

Får hyllest

Reaksjonane frå nærmiljøet har ikkje latt vente seg. Ungdommane har mellom anna vorte etterlyst av politiet, som ønskjer å takke dei for den heltemodige innsatsen.

– Me er veldig glade for den innsatsen dei har gjort. Det er ikkje noko tvil om at det har påverka utfallet av saka. Og så ønskjer me naturleg nok vitneavhøyr frå dei for å høyre kva dei såg, seier tenestestadsleiar Wenche Hope ved politiet i Florø.

Også beredskapssjef Robert Endestad i Kinn kommune er full av lovord om ungdommane.

– Det dei gjorde var fantastisk. Hadde dei ikkje gjort det, kunne det fort ha vorte ein dødsbrann der ute, seier Endestad.

Brannsjefen i Florø.

TAKKSAM: Innsatsleiar Robert Endestad er takksam over innsatsen til jentene. Han trur det kan ha redda liv.

Foto: Oddmund Haugen / NRK