Hopp til innhold

– Dette kunne blitt ein dødsbrann

Eit rekkehus i Florø byrja å brenne natt til fredag. Innsatsleiaren prisar seg lykkeleg over at ingen kom til skade.

Brannsjefen i Florø.

TAKKSAM: Beredskapssjef i Kinn kommune Robert Endestad meiner heltemodig innsats frå folk i nærleiken gjorde at ingen kom til skade i brannen.

Foto: Oddmund Haugen / NRK

Eit rekkehus i Havrenesvegen i Florø måtte evakuerast då det brann i tak og vegger i andre etasje natt til fredag.

Brannen er no sløkt, men to leilegheiter er totalskadde av brannen.

Politiet fekk melding om brannen i rekkehuset klokka 02. To timar seinare opplyste politiet til NTB at brannvesenet hadde sløkt brannen, men jobbar enno på staden.

To personar har truleg mista heimen sin.

Brann i rekkehus i Florø

HUSBRANN: Rekkehuset i Havrenesvegen i Florø er utbrent fredag morgon.

Foto: Fredrik Johan Helland / NRK

– Kunne ha vorte ein dødsbrann

Brannvesenet sendte alle mann til pumpene då dei fekk meldingane om brannen. Beredskapssjef i Kinn kommune Robert Endestad kan fortelje om dramatiske bilete då brannvesenet kom til staden.

– Eg fekk meldingar om at flammar stod opp etter både vegg og tak. Eg var sjølvsagt bekymra for tidspunktet, midt på natta og folk ligg og søv. Men me var på staden, etter berre to minutt, og me var totalt 25 mann der ganske fort.

Kamp mot flammane i Florø.

PÅ PLASS: Brannvesenet fekk sløkt brannen etter to timar. I alt 25 brannmenn var involvert i sløkkinga.

Foto: Kinn Brannvesen


Endestad fortel at då brannvesenet kom til staden var allereie nokre jenter i gang med å banke på dører og få folk ut av husa i nærleiken. Innsatsen deira trur han kan ha vorte skjebnesvangert.

– Eg må seie det var heilt fantastisk gjort. Dei banka og ropte og fekk folk ut. Hadde dei ikkje gjort det kunne det fort ha vorte ein dødsbrann der ute.

Mistenkt vart sjekka ut av saka

Klokka 05.50 stadfesta operasjonsleiar Per Algrøy at politiet hadde tatt inn ein mann til avhøyr.

– Ein mann i 40-åra er mistenkt for å ha starta brannen på utsida av bygget. Det er spor på brannstaden som gjer at me snakkar med han, seier Algrøy.

Etter å ha vore inne til avhøyr er derimot mannen ikkje lengre mistenkt. Ole Vallestad Emmerhoff, som er vakthavande jurist i Vest politidistrikt, seier politiet framleis trur brannen vart påsett.

– Det er det politiet jobbar ut frå, men me har førebels ingen mistenkte i saka.