Hopp til innhold

Frida (8) kan få to og ein halv time skulereise – kommunen skuldar på regjeringa

STAVANG/KINN (NRK): Ein elendig kommuneøkonomi gjer at kommunedirektøren i Kinn vil leggje ned tre grendeskular. Han og fleire andre nye storkommunar skuldar på at regjeringa ikkje brukar nok pengar på kommunereforma.

Frida Mjønerud

TO BUSSAR OG EIN BÅT: Kommunedirektøren i Kinn går inn for å leggje ned Stavang skule og to andre grendeskule. Frida Mjønerud (8) kan ende opp med å ta to bussar og ein båt for å komme til skulen i Florø.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

– Det er veldig dumt om eg må gå på skule i Florø, for då må eg stå opp veldig tidleg, og eg kjem til å vere veldig trøytt når eg kjem på skulen, seier åtte år gamle Frida Mjønerud.

Ho bur i Standalen i Kinn kommune, og går i dag på Stavang skule, som ligg ti minutt med buss frå garden der ho bur.

I dag er det 19 elevar som går på den vesle skulen.

Det kan det derimot bli slutt på, for i sitt framlegg til budsjett for 2021 går kommunedirektøren i Kinn inn for å leggje ned Stavang og to andre grendeskular.

Frida og dei andre ungane i bygda kan då ende opp med å ta to bussar og ein båt for å kome til skulen i Florø. På det meste kan det bety ei reisetid på kring 70 minutt kvar veg.

– For veldig mange av dei som bur her i bygda betyr det at det blir vanskeleg å leve det livet som vi gjer i dag, seier far til Frida, Øyvind Mjønerud.

Kommunedirektør Terje Heggheim seier at Kinn kommune har ein svært trong økonomi, og han peiker mellom anna på at kommunen ikkje har fått så mykje pengar frå staten som dei hadde håpa på.

Karstad skule

KAN BLI NEDLAGT: Karstad skule i Førde er ein av skulane som kan forsvinne.

Foto: ARNE STUBHAUG / ARNE STUBHAUG

Også nedlegging i nabokommunen

Kinn består av tidlegare Vågsøy og Flora kommune, og Heggheim seier at forventninga då dei slo seg i lag var meir pengar.

– Det er tale om særleg eit årleg tilskot som vi ikkje får likevel. Generelt hadde vi trudd vi skulle få meir pengar frå staten i samband med samanslåinga, og eg må innrømme at situasjonen gjer de vanskelegare å vere ein ambassadør for kommunesamanslåing, seier Heggheim.

Og det er ikkje berre i kystkommunen Kinn at økonomien er trong, og regjeringa får skulda.

I nabokommunen Sunnfjord ligg det også an til at tre grendeskular kan forsvinne.

– Eg trur både vi og staten har undervurdert kor mykje det faktisk kostar å slå i lag kommunar. Vi har heilt klart fått mindre frå staten enn vi hadde rekna med, seier kommunedirektør i Sunnfjord Ole John Østenstad.

Østenstad peikar også på at politikarane i dei fire kommunane Førde, Gaular, Naustdal og Jølster brukte mykje pengar før kommunane slo seg saman til Sunnfjord.

Senterpartiet meiner reforma sentraliserer

Kanskje ikkje uventa, meiner Senterpartiet. Trugsmålet om skulenedleggingar i Sunnfjord og Kinn syner den sentraliserande effekten av kommunereforma.

– Erna Solberg lova gull og grøne skogar då ho kom med kommunereforma, men gong på gong syner det seg at resultatet er sentralisering. Til dømes er jo Kinn kommune mykje dyrare i drift enn dei gamle kommunane, seier leiar i Senterpartiet Trygve Slagsvold Vedum.

Men det har jo vore ganske romslege kommunebudsjett under denne regjeringa?

– Erna Solberg seier at det har vore romslege kommunebudsjett, men likevel ser vi at kommunane slit med å halde oppe drifta av dei viktige grendeskulane, seier Vedum.

Trygve Slagsvold Vedum

LIKAR IKKJE KOMMUNEREFORM: Trygve Slagsvold Vedum likar ikkje kommunereforma, og tykkjer ho bidreg til sentralisering.

Foto: Erik Waage / NRK

– Fleire skular forsvann under dei raudgrøne

Men regjeringa vil ikkje gå med på denne verkelegheitsframstillinga.

Statssekretær i Kommunal- og moderniseringsdepartementet Paal Pedersen (H) seier at både Kinn og Sunnfjord kommune har fått meir enn hundre millionar kroner i støtte i samband med kommunesamanslåinga.

– Men vi tek sjølvsagt desse signala frå kommunane på alvor, og det kan godt hende det kan bli aktuelt å sjå nærare på støtta som dei har fått.

– Når det gjeld grendeskular, så er det slik at det faktisk vart lagt ned fleire grendeskular under den raudgrøne regjeringa. Det er diverre ein trend i tida, som handlar om stader som slit med folketalsnedgang, seier Pedersen.

Lagnaden til Stavang, og dei andre grendeskulane i Kinn og Sunnfjord, er endå ikkje avgjort.

Øyvind Mjønerud trur det kjem til å bli vanskeleg for bygda å trekkje til seg folk dersom det ender med at kommunedirektøren får gjennomslag for nedlegging.

– Den lange reisetida er nok så vanskeleg å få til å gå opp for folk, at det blir svært lite freistande for barnefamiliar å slå seg ned her, seier han.