Hopp til innhold

Kva tyder denne emojien 🙂?

Det er det stor usemje om. Dei eldre meiner han uttrykker at ein er blid, mens dei yngre meiner han uttrykker at ein er sur.

Knut Henning Litsheim (76) meiner den utrykker at ein er glad.

KVA TYDER DETTE?: For Knut Henning Litsheim (76) tyder denne emojien at han er glad.

Foto: Steinar Lote / NRK

– Om du får ei lang melding med denne 🙂 på slutten, då er du ferdig, då er det over og ut, seier Tor Øystein Hoddevik (22).

Kompisen Joakim Nygård Nørve (19) seier at om han får denne emojien på ei melding, «då er det berre å gå og legge seg».

Dei eldre tenkjer annleis

Dei fleste ungdommane NRK snakka med var einige om at denne emojien var passiv-aggressiv. Dei sender ikkje denne om dei var blid, men den eldre generasjon tenkjer annleis.

– Det signaliserer at ein er blid og nøgd, og at ein meiner noko godt, seier Richard Schumann (59).

Ørjan Alme (56) er einig. Denne emojien signaliserer at ein er nøgd. Dei forstår ikkje at han kan bli tolka til å vere passiv-aggressiv. Det er berre eit vanleg smilefjes.

SJÅ HER: NRK var rundt om i Førde og spurde folk kva dei legg i forskjellige emojis.

– Emojiar er ein måte å uttrykkje kjenslene våre når vi kommuniserer på sosiale medium. Det viser kva vi legg i det vi seier, seier norsklærar Anette Drage.

Misforståande

Kommunikasjonen mellom folk på sosiale medium er veldig knapp, då kan emojiar vere med på å styrke språket i større grad enn det gjer det fattigare.

– Samstundes får ikkje dei unge øve seg på å kommunisere det ein føler med ord, då kan det vere med på å gi eit fattigare ordforråd, seier Drage.

Sjølv har ho erfaring med at emojiane ho brukar har blitt misforstått

Norsklærar meinar emojis ikkje berre er negativt for språket

EMOJI: Norsklærar Anette Drage brukar sjølv mykje emojis.

Foto: Ida Yasin Andersen / NRK

– Eg skreiv eit vanleg smilefjes på ei gruppe eg har med elevane mine, då trudde elevane mine at eg var sur. Då måtte eg forklare at eg tolka dette som eit vanleg smilefjes, seier ho.

At emojiar har blitt populært er fordi ein skal forsikre seg om ein ikkje blir misforstått. Viss ein til dømes skriv berre «OK» utan smilefjes til nokon ein kjenner, kan ein bli oppfatta som sur.

Dette er ein konsekvens av at vi ikkje ser eller høyrer kvarandre når vi kommuniserer.