Språksjov-duoen elskar å ha det gøy med det norske språket, og lørdag 4. desember er dei tilbake på NRK1 og i NRK TV med ein ny sesong av «Eides språksjov».
Her har du 15 spørsmål å bryne deg på frå programma som blei sendt i vår.
Lykke til!
1/15
Kva er det mest vanleg å kvile på?
2/15
Ordet karikatur kjenner dei fleste. Men kva er opphavet til ordet?
3/15
Instrumentet fagott kan knytast til fleire fenomen. Kva for eit av desse fenomena har ingenting med fagott å gjere (så vidt me veit)?
4/15
Kva for ein av desse interjeksjonane er ikkje lov å bruke i ordspelet «Scrabble»?
5/15
Komikar Fredrik Steen står bak figuren Hildegunn Moltubakk. Kvar kjem dialekta hennar frå?
6/15
Det finst eit fast uttykk for det å gi seg. Er det:
7/15
Kven er det professor Gunnstein Akselberg parodierer i denne legendariske sketsjen?
8/15
Eit eponym er ein gjenstand eller eit fenomen som er oppkalla etter ein person. Kva for eit av desse orda er eit eponym?
9/15
Stemmer det alltid at mørk stemme gir større truverde? Høyr på klippet.
10/15
For nerden: Mange kjenner Atle Grønn frå sjakksendingar på fjernsyn. Men kva er hans eigentlege spesialfelt?
11/15
Eit av desse alternativa er døme på garpe-genitiv. Kva for eit?
12/15
Eit akronym er eit ord som er sett saman av bokstavar frå fleire ord, men blir lese som eitt ord. Døme: ABBA (Annifrid, Bjørn, Benny og Agneta). Kva for eit av desse skomerka er eit akronym?
13/15
Anger er eit velkjent fenomen. Men kva tyder det når det opptrer i eit stadnamn, som til dømes i «Hardanger»?
14/15
I ein annonse kunne vi lese dette: «Velkommen til Rakfiskuken». Her ville professor Akselberg brukt ein bindestrek. Men kvar?
15/15
Når svenskane meiner krøllalfa, kva seier dei?
Ditt resultat
Du må svare på alle spørsmålene først.