– Om vasskraftprodusentar kunne ta avgjerder som var berre ein prosent betre enn før, ville det utgjera milliardar av kroner i forskjell, seier Reza Arghandeh.
Han er forskar ved Høgskulen på Vestlandet. Saman med Hossein Farahmand ved NTNU har han sett på korleis vasskraftprodusentar betre kan utnytta naturressursane og spela på lag med marknaden til ei kvar tid.
Dermed kan straumprisen haldast så låg som mogleg.
Reknar ut fyllingsgraden i vassmagasina
Heilt konkret har dei utvikla nye metodar innan kunstig intelligens for å rekna ut korleis produsentane skal regulera fyllingsgraden i vassmagasina.
Altså: Kor tid er det lurt å spara på vatnet i magasina, og kor tid er det lurt å bruka vatnet til å produsera straum.
– Med kunstig intelligens kan vi gje betre råd om kor mykje av vatnet som bør sendast gjennom kraftverket til ei kvar tid, frå time til time dei komande dagane, vekene og månadane, seier Arghandeh.
Kunstig intelligens betyr at datamaskiner kan behandla enorme mengder informasjon, og at dei kan læra av eigne erfaringar og bruka det til å løysa komplekse problem.
Forskarane har samarbeidd med kraftprodusentane Lyse Produksjon AS og Østfold Energi.
Dei prøver no ut dei nyutvikla verktøya innan kunstig intelligens, for å sjå korleis dei fungerer i praksis.
Oppsamla vatn er gull verdt, som her i Zakariasdammen i Tafjord. No kjem det nye metodar for å finna ut korleis vatnet kan brukast på ein mest mogleg fornuftig måte, i samspel med andre energiformer.
Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRKSytti år gamal metode
Poenget med å finna nye hjelpemiddel for å styra kraftproduksjonen, er at fleire og fleire usikre faktorar spelar inn.
Reknestykket blir rett og slett vanskelegare. Då kan kunstig intelligens bidra til at produsentane gjer betre vurderingar.
Det er ei rekkje forhold som spelar inn, blant anna desse:
- Vêrforhold
- Landskapsformer
- Nedbørsmengder
- Vintertemperaturar
- Straummarknaden
- Den politiske situasjonen i Europa
Dei siste sytti åra har produsentane brukt dei same matematiske modellane for å rekna ut korleis dei skal regulere vassnivået i magasina.
– Desse måtane å ta avgjerder på er tidkrevjande og upresise. Med kunstig intelligens kan vi auka farten på utrekningane. Dessutan kan vi få langt meir presise svar, seier Arghandeh.
Havvind er ei storsatsing i Noreg, men den grøne energiforma kan gjera det endå meir komplisert å styra vasskraftproduksjon.
Foto: Øyvind Gravås / Equinor / NTBUtfordringar med havvind
Det blir ikkje mindre komplisert når samfunnet skal i bruk nye, grøne energiformer.
Blant anna har regjeringa planar om at havvind skal bli viktig for energiforsyninga i Noreg.
Vasskraft kan ein laga når som helst, berre ved å skru på ein brytar. Men kor mykje sol og vind det er på eit gitt tidspunkt, og kor mykje energi det kan bli av det, er vanskelegare å vita på førehand.
– Vinden bles ikkje alltid, og sola skin heller ikkje alltid. Sidan vindforhold forandrar seg så raskt, vil vi då trenga modellar som kan rekna ut time for time korleis vindproduksjonen påverkar heilskapen, seier Hossein Farahmand ved NTNU.
Professor Reza Arghandeh ved Høgskulen på Vestlandet seier at desse to energiformene kan utfylla kvarandre.
– Samspelet mellom vindkraft og vasskraft er nøkkelen ei grønare og meir berekraftig energiframtid. Ved hjelp av kunstig intelligens kan vi hjelpa kraftprodusentane og myndigheitene med å kombinera desse to energiformene, til glede for alle, seier Arghandeh.
Eitt av måla er å halda straumprisen så låg som mogleg.
Foto: Eirik Sørenmo Påsche / NRKFleire formål
Også andre i kraftbransjen ser på kunstig intelligens som eit nyttig hjelpemiddel.
Statkraft, som er Europas største produsent av fornybar energi, samarbeider med fleire forskingsmiljø om utvikling av system basert på kunstig intelligens til blant anna drift og vedlikehald av vasskraftverka.
Selskapet brukar også kunstig intelligens til energidisponering, for å bestemma kor tid ein skal produsera frå ulike kraftverk.
– Klimaendringane har dei siste 10–15 åra kravd nye og endå meir avanserte modellar. Statkraft byrja for over 30 år sidan med å digitalisera styringa av kraftverka våre. Så selskapet har vore tidleg ute, seier pressetalsmann Knut Fjerdingstad i Statkraft til NRK.
– Gåve frå naturen
Forskarane på NTNU og Høgskulen på Vestlandet minner om at Noreg er heldig som har enorme vasskraftressursar.
– I overgangen til eit samfunn som lener seg langt meir på sol og vind som energikjelder, vil berekraftig vasskraftforsyning bli langt viktigare. Det er ei gåve frå naturen. Vi må anstrenga oss for å forvalta den best mogleg, seier Hossein Farahmand.