Hopp til innhold

Plastboom for norske juletre – dette bør du gjere om du skal tenke på klima

Kraftig vekst dei siste åra: No har rundt halvparten av norske heimar kunstig juletre.

Far og to døtre ser på et kunstig juletre

TAR EIT VAL: Pappa David Karlsen og døtrene vurderer for første gong å kjøpe kunstig juletre. Det er dei ikkje aleine om.

Foto: Benjamin Dyrdal / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– Det kjekkaste med juletre er at ein kan pynta det og ta gåvene under det.

Det meiner Benedicte Karlsen. Ho er saman med faren og storesøstera på hagesenter for å kjøpa juletre.

Familien pleier å kjøpa naturleg tre, men pappa David Karlsen vurderer no for første gong plast.

Han er ikkje åleine. Nesten halvparten av nordmenn har eller kjøper eit kunstig juletre, viser heilt nye tal.

50/50

Det ifølge ei kartlegging gjort bland norske forhandlarar av Nynorsk pressekontor.

Ifølge Plantasjen hagesenter har omsetnaden på kunstige tre auka med 60 prosent berre dei siste fire åra.

– Dei siste åra har det blitt meir og meir kunstig, seier butikksjef Anders Nordås på Plantasjen Drotningsvik i Bergen.

Butikksjef Anders Nordås på Plantasjen Drotningsvik i Bergen.

Anders Norgård hos Plantasjen i Bergen merkar ei lita ny trend i sin butikk dette året.

Som likevel har merka seg ei lita endring i 2021:

– Men akkurat i år drar det seg litt over på naturtrea igjen.

Det kan vere eit resultat av at mange no heiar fram ekte juletre på grunn av klimaeffekten.

På Landåstorget i Bergen står det ein «skog» av ekte juletre. For 39. året på rad har Sander Haugstad frakta trea med seg frå Hallingdal til sin faste plass i vestlandshovudstaden.

Men juletreseljaren merkar at plasttrea blir stadig meir populære.

– Salet har blitt dårlegare enn før. Men eg har også hatt kundar som har kome tilbake. Dei kjøpte kunstig, men kasta det og vil heller ha ekte varer.

Juletreseljar Sander Haugstad

HELD FAST: Hallingdølen Sander Haugstad har seld juletre i Bergen i 39 år og har ikkje tenkt å gi seg.

Foto: Benjamin Dyrdal / NRK

Det Store Spørsmålet

Men så kjem spørsmålet som gjentek seg kvar jul:

Kva slag juletre er mest klima- og miljøvenleg?

Det er ikkje lett å få eit eintydig svar. Det er kort sagt mange faktorar å ta omsyn til.

Universitetet i Bergen har søkt råd hjå ein plantebiolog, ein kjemikar og ein realfagslærar.

Her er oppsummeringa deira:

  • Det som gir minst klimaavtrykk er ekte tre
    Klimaavtrykket til eit tre i plast er mykje høgare enn til eit levande tre.
  • Levande tre bør vere kortreist
    Kor og korleis treet er produsert er viktig. Vel eit tre som ikkje har lang produksjons- og reiseveg, og gjerne frå ein juletrefarm.
  • Eit juletre for livet?
    Vel du juletre i plast bør du tenkje på at du har det lenge – og ikkje kjøper nye kunstige tre ofte.
  • Tenk på korleis du kastar treet
    Kanskje det viktigaste – uansett levande eller kunstig – er korleis du blir kvitt treet. Er det mogleg å resirkulere tre i plast er det beste – om ikkje er det beste om det blir brent på avfallsanlegg for å vinne att energi.
Kunstig juletre i plast med Ikea-julepynt

KUNSTIG: Skal du velje kunstig tre må du prøve å ha det lenge - og vite kva som skjer det med når du kastar det.

Foto: Vegard Wivestad Grøtt / NTB

– Det mest miljøvenlege er at treet er kortreist og naturleg. Det du høgg i skogen sjølv er det beste, så lenge det ikkje fører til avskoging og det kjem opp nye tre som kan lagre CO₂, meiner Norsk Skogselskap.

Same prosedyre – også i år

Men kva med familien Karlsen?

– Mange ting som blir laga av plast i dag, ser veldig ekte ut, men akkurat på juletre heng dei litt etter. Så det vart ekte i år, også, seier familiefaren.

Jente i juletre-nett
Faren let Benedicte krypa gjennom «nett-automaten» og bli omslutta av plastnettet.
Jente i juletre-nett
Det er dette minstejenta tykkjer er aller kjekkast.
Jente i juletre-nett
Så slenger pappa den nøgde dottera over skuldra.
Jente i juletre-nett
og går til bilen med to levande juletre.