Hopp til innhold

Kritiske til populære plastjuletre

Stadig fleire nordmenn byter ut det grøne juletreet frå skogen med eit plastjuletre. Det likar ikkje Naturvernforbundet. Juletre av plast spelar ikkje på lag med miljøet.

Sveinung Nydal sel mange plastjuletre

SEL STADIG MEIR: Plantasjen Norge sel i år 15 000 juletre av plast. Sveinung Nydal seier trea har blitt langt meir naturtru dei siste åra.

Foto: Maria Pile Svåsand / NRK

Med berre dagar att til julaftan er det mange som allereie har fått juletreet på plass. Ein av dei er Dag Jonsen. Han er ein av mange nordmenn som har valt å droppe eit grønt og glitrande tre av gran eller furu.

– Treet er kome på plass, men det er av plast, seier Jonsen då NRK møter han på Plantasjen i Førde.

Og Jonsen er ikkje åleine. Faktisk er heile 15 prosent av juletrea vi kjøper her i landet no kunstige plastjuletre.

Har gått tome for plastjuletre

Eit juletre med stjerne i toppen er ei sjølvfølgje i alle norske heimar, men om det er gran eller furu varierer mykje. No er det også eit anna type tre som er i ferd med å bli svært populært.

Nestleiar på Plantasjen i Førde, Sveinung Nydal, fortel at langt fleire nordmenn kjøper seg ei barnålfri jul som kan lagrast på loftet.

– Vi er tomme no for alle plasttrea som ser mest naturtru ut, så eg har ikkje så mykje å vise fram til kundane som kjem no, seier Nydal.

For Jonsen er det praktiske grunnar til valet av plast.

– Vi reiser vekk i jula, og kjem att i romjula. Då er det greitt med eit plasttre, seier han.

(Artikkelen held fram under biletet)

Juletre

TRADISJON: For mange er det tradisjon med eit juletre som kjem frå skogen.

Foto: Kai Stokkeland / NRK

Sel 15 000 plasttre på rappen

Plantasjen Norge sel åleine 15 000 plasttre i år, det er 15 prosent av den totale juletremarknaden. I forhold til i fjor er det også ei salsauke på 15 prosent.

Det å ha eit kunstig juletre har blitt stovereint i norske heimar. I pappøskjer tek ein dei med seg heim og plasserer greiner og stammar etter eige ønskje. Juletrea er å finne i mange variantar. Høge, låge, tette, grøne eller kvite, med eller utan lys og pynt.

Og skal ein tru Nydal er det dei dyraste trea som er mest populære.

– Det mest naturtru treet kosta om lag 2000 kroner, men dei var vi tome for allereie før adventstid, seier Nydal.

Han seier at nesten ein tredel av kundane deira kjøper seg kunstige tre.

– Ein del kjøper plasttre på grunn av allergi, ein del vil ha det lettvint og så er det slik at dei kunstige juletrea ser mykje meir ekte ut no enn for nokre år sidan, forklarar Nydal.

(Artikkelen held fram under biletet)

Plastjuletre på plantasjen

TOMT: Dei mest naturtru utgåvene av plastjuletreet vart utselt allereie før advent. Desse trea er framleis til sals.

Foto: Maria Pile Svåsand / NRK

Plasttreet er dårleg nytt for miljøet

Men juletre laga av plast, spelar ikkje på lag med miljøet, meiner Naturvernforbundet. Fagleiar for naturmangfald, Arnodd Håpnes, ser ikkje lyst på at plasten rykkjer opp på trendbarometeret.

– Vi vil at folk skal ha mest mogleg miljøvenlege juletre. Då vil vi at folk skal ha vanleg norsk gran eller furu, tre som er dyrka ute i skogen der tre høyrer heime, seier Håpnes.

Allergi er gyldig grunn

Arnodd Håpnes

KRITISK: Arnodd Håpnes i Naturvernforbundet seier plastjuletre er dårleg nytt for miljøet og oppmodar folk til å velje gran eller furu i staden.

Foto: Knut-Sverre Horn / NRK

Men ikkje alle har valet mellom ekte og kunstig om dei skal kunne ha eit tre i stova til julefeiringa. Sigmund Bjørlo har valt plasttre av andre grunnar enn å sleppe å gå i skogen på hogst.

– Eg har astma og tåler ikkje dei vanlege trea, seier Bjørlo.

Og allergi og astma er ein gyldig grunn for val av plasttre, også for Naturvernforbundet.

– Vi har full forståing for at dei med allergi og astma må ty til plastjuletre, for å unngå å bli sjuke, seier Bjørlo og legg til:

– Men vi understrekar at for dei som tåler det, og for dei som vil vere miljøvenlege, så er rådet frå Naturvernforbundet å bruke norske artar som kjem frå skogen. Det er det mest miljøvenlege.

– Det er mest praktisk

For Dag Jonsen var ikkje miljøet det avgjerande for juletrevalet.

– Miljøvenleg og miljøvenleg? Eg har ikkje tenkt på at dei er laga av plastikk, eg har tenkt på det praktiske, seier Jonsen.