Hopp til innhold

Klager på pakkar som ikkje kjem

Stadig fleire av oss handlar julegåver på nett. Men mange opplever at julegåvene ikkje kjem fram før etter jul. Det betyr klagestorm hos Forbrukarrådet.

Netthandelen

STOR PÅGANG: Netthandelen.no har hatt folk i arbeid på overtid kvar dag i det siste for at du skal få gåvene du har kjøpt på nett under juletreet.

Foto: Skjermdropp: Netthandelen.no

Det er berre dagar att julaftan og i butikkar landet rundt hastar folk rundt for å sikre seg dei aller siste gåvene. Men mange har gjort handelen unna på internett. I år vil halvparten av nordmenn kjøpe minst ei julegåve via ein nettbutikk.

Men den enorme pågangen gjer at mange av leverandørane ikkje klarar å levere gåvene før jul. Det betyr at det kan bli tomt under mange juletre.

Mangla mange pakkar under treet

Sølvi Hestvik frå Kvammen er ein av dei som har opplevd at julegåvene ikkje kom fram i tide. I fjor vart det mange pakkar som mangla under treet, difor har ho valt å handle gåvene i butikken i år.

– No handlar eg i butikkane, for då kjem det i alle fall under treet i tide, seier Hestvik.

For ho har brent seg på netthandelen. I fjor handla ho alle gåvene sine på internett i slutten av november. På den måten trudde ho at ho skulle spare både tid og pengar, og lenge var ho sikker på at ho hadde gjort eit kupp.

– Det er mykje lettare. Du slepp fullt i folk som trakkar alle vegar. Det er mykje betre å sitje heime i sofaen. Klikk, klikk, og så er det bestilt, seier Hestvik.

Men då familien kom saman på sjølvaste julekvelden i fjor var det mange av gåvene som ikkje var kome fram.

– Det mangla eit vaffeljern, ein walkietalkie, eit leikehelikopter, eit bilsete og ein steamvaskar. Så det var litt mange pakkar som mangla, seier Hestvik.

Nokre får ikkje pakkane i det heile

Og Hestvik er langt ifrå den einaste som har opplevd å sitje att med skjegget i postkassa på julekvelden.

Hos Forbrukarrådet er dei budde på ekstra stor på gang i desember, nettopp på grunn av julegåvehandel på nettet.

– Vi har mange som tek kontakt på grunn av dette. Nokre får ikkje pakkane i tide, andre får dei ikkje i det heile teke, seier regionsleiar i Forbrukarrådet, Pia Kleppe Marken.

(Artikkelen held fram under biletet)

Julepost

TRAVELT: Det har vore travelt på posten sin pakkesentral på Alnabru i Oslo. Dei har hatt ein auke i tal julepakkar på heile 20 prosent frå i fjor.

Foto: Per Onsheim / NRK

– For mange handlar i siste liten

For når halvparten av oss nordmenn kjøper minst ei julegåve på nett betyr det stor pågang. Og det er det ikkje alle som klarar å ta unna.

– Blir det fleire kjøp over nett, så blir det også fleire klager. Dette er eit standard problem, seier Kleppe Marken og legg til:

– Dei fleste butikkane undervurderer nok kor mange som handlar i siste liten. Samtidig har dei lova at varene skal kome fram til jul, men så klarer dei ikkje å sende det ut før etter jul likevel.

Jobbar overtid for at «alle skal få»

Mange av gåvene Sølvi Hestvik sikra seg i fjor, var varer ho handla på Netthandelen.no. Salssjef Erik Jensen fortel at dei ikkje fekk mange klager på for sein levering, men vedgår at auka handel i år byr på problem.

Dei kan no ikkje garantere at kjøp som er gjort etter 16. desember vert leverte før jul.

– Vi gjer alt vi kan for å få varene ut til kundane og vi har folk som jobbar overtid kvar einaste dag for å få det til, seier Jensen.

I år har ho full kontroll

Sølvi Hestvik har gjort seg ferdig med julehandelen for i år. Den siste gåva er i boks og no ser ho fram til ei jul der ho sjølv har kontroll på alt.

– I år skal alt hamne under treet. Viss eg då ikkje sjølv sviktar, men det trur eg ikkje skal skje, ler ho.