Hopp til innhold

Kritisk til endringar i energilova

– Endringar i energilova vil tvinge små kraftselskap til samanslåing. Det seier Liv Signe Navarsete i Senterpartiet.

Linjeinspeksjon i Jølster

ENERGILOVA:Lovendring kan gi dyrare nettleige, meiner kraftselskapa og Stortingsopposisjonen.

Foto: Sunnfjord energi

Regjeringspartia har no fått støtte av Venstre for sitt lovforslag.

– Dette vil føre til sentralisering, det vil føre til fusjonar og små kommunar kan miste sine e-verk, seier Liv Signe Navarsete

Ho er uroa over framlegget frå regjeringa til endringar i energilova. Opposisjonen meiner ei lovendring vil innebere store utfordringar for små kraftselskap.

– Dette er byråkratisk og heilt unødvendig.

Skilje

Målet med lovendringa er eit skilje i selskapa som driv nettverksemd. Sjefar i nettselskapet kan ikkje lenger organisere seg slik at dei også er sjefar for andre deler av verksemda. Enkelt forklart seier regjeringa at dei med dette ynskjer å forhindre at kraftkundar betaler kunstig mykje for nettleige.

Liv Signe Navarsete

KRITISK: Liv Signe Navarsete er Stortingsrepresentant for Senterpartiet, meiner det ikkje føregår kryssubsidiering i energibransjen.

Foto: Holm, Morten / SCANPIX

– Kryssubsidiering handlar om at ein til dømes brukar inntekter frå kraftproduksjon til å betale for utbygging av nett eller omvendt. Det betyr at prisen ein betalar for kraft kan vere for høg, dersom ein eigentleg brukar den til å bygge ut nett, seier Navarsete.

Men Navarsete meiner dette eigentleg handlar om sentralisering.

– Det er ikkje slik kryssubsidiering, og regjeringa har heller ikkje på spørsmål greidd å legge fram noko prov på at dette skjer i dag. Dette blir berre brukt som argument for å få til det regjeringa ynskjer, nemleg ei storstila sentralisering, og samanslåing av energiverk. Det er ganske ille for mange mindre energiverk, seier Navarsete.

Skjult agenda

Også lokale kraftselskap i Sogn og Fjordane rettar skarp kritikk mot regjeringa, og meiner lovforslaget vil få store følgjer for både kundar og verksemder i fylket.

Jan Træen

SKEPTISK: energisjef i Stryn Energi, Jan Træen meiner framlegget vil gå ut over konkurranseevna.

Foto: NRK

– Konsekvensane er at ein mister det lokale selskapet når ein må forhalde seg til større aktørar lenger vekke, seier Jan Træen som er energisjef i Stryn Energi.

Træen trur ikkje dette vil få den effekten regjeringa ynskjer.

– Eg tykker dette er unødvendig. Det kjem til å auke kostnadane og dermed også svekke konkurranseevna dersom vi ikkje klarar å redusere andre kostnader.

Han får støtte frå kollegaen i Sognekraft.

Terje Bakke Nævdal

DYRARE: Administrerande direktør i Sognekraft, Terje Bakke Nævdal meiner framlegget frå regjringa vil gi høgare nettleige.

Foto: Bjørn Bergum

– Eg opplever dette som merkeleg og som ein skjult agenda for å få gjennomført ei strukturendring i energibransjen, seier administrerande direktør i Sognekraft, Terje Bakke Nævdal.

Han meiner at det kan bli dyrare for kraftkundane.

– Dette har lite samfunnsøkonomisk verdi, men vil gi kostnadar som gir grunnlag for å auke nettleiga, seier Bakke Nævdal.

Stortinget

I Senterpartiet varslar Navarsete at ho tar opp kampen i Stortinget.

– No blir debatt i Stortingssalen. Det er knappast mogleg fleirtal, for det er berre Venstre som støttar framlegget frå regjeringa. Eg meiner Venstre no må forklare kvifor dei støttar eit framlegg som er så i strid med det som distriktskommunar, fagforeiningar og bransjen sjølv har sagt, seier Navarsete.