Hopp til innhold

Meir bråk om medlemsjukset: – Ikkje sant at alle gjorde det

Den nye statsråden vert skulda for å leggje for mykje vekt på «kultur» og «alle andre» i si forklaring om medlemsjukset i Målungdommen.

Forsknings- og høyere utdanningsminister Oddmund Hoel

POLITISK KVARTER: – Eg tar det heile og fulle ansvaret for det eg sjølv var med på. Det skal ikkje lempast over på nokon andre, seier Oddmund Hoel.

Foto: Milana Knezevic / NRK

MDG-politikar Einar Wilhelmsen, som var sekretær i Natur og Ungdom på nittitalet, skriv på Twitter/X at han blir «ganske forbanna når den nye forskings- og høgare utdanningsministeren vil dra alle med seg ned i søla.»

Bakgrunnen er forklaringa til Oddmund Hoel (Sp) om at medlemsjukset i Målungdommen var del av ein etablert praksis innanfor ein større ukultur.

Omtrent alle organisasjonar dreiv på same måte, sa Oddmund Hoel i Politisk kvarter tysdag morgon.

På nittitalet blei det avdekt medlemsjuks i ei rekke ungdomsorganisasjonar, og i 1998 blei fire unge AUF-leiarar dømte til fengsel for «falsk forklaring til offentleg myndigheit».

Wilhelmsen meiner Målungdommen er i ei særstilling fordi forfalskinga av medlemslister fortsette etter denne opprullinga.

Det spesielle med Målungdommen er at dei fortsette å jukse, og først blei avslørt i 2002. Dette gjer juksinga enda verre, for etter 1995 blei ho gjord mot betre vitende, seier han til NRK.

Saka vart fyrst omtalt i Firda.

Oddmund Hoel jukset med medlemstallene til Norsk målungdom for 30 år siden. Ser han noen fellestrekk med denne ukulturen og alle skandalene i dag?

– Eg såg rundt meg i norsk ungdomsorganisasjonsliv og la til grunn at alle oppgir for høge medlemstal, og at det er sånn vi gjer det, sa Oddmund Hoel i Politisk kvarter tysdag morgon.

Det synest eg er nedrig

Hoel hadde fleire leiarverv i Målungdommen tidleg på nittitalet, og har erkjent at organisasjonen i denne tida overrapporterte medlemstalet for å få meir pengar i statsstøtte.

I 2002 blei organisasjonen dømt til å betale tilbake 2,88 millionar kroner til staten og 100.000 kroner i føretaksstraff.

Les også Målungdom vedgår medlemsjuks

Wilhelmsen er glad for «skriftemålet» til statsråden, men meiner han går for langt i å skulde på «kultur» og «praksis».

Vi hadde stor merksemd rundt medlemstal og brukte tid på å gå gjennom alle rutinar og system for at alt skulle vere rett. Derfor reagerer eg på forklaringar om at dette var noko alle gjorde, seier han.

Det synest eg er nedrig.

Einar Wilhelmsen, finansbyråd i Oslo, fra pressekonferanse i pressesenteret i Oslo rådhus.

– Eg blir ganske forbanna når den nye ministeren vil dra alle med seg ned i søla, seier MDG-politikar Einar Wilhelmsen.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

Det er ikkje rett at «alle gjorde det»

Wilhelmsen får støtte frå Kristin Clemet, som fekk sitt første verv i Unge Høgre i 1975.

Det er ikkje rett at «alle gjorde det», seier ho.

Ho viser til at det finst folk som ikkje har blitt statssekretærar fordi dei har nytte seg av såkalla svart vaskehjelp eller dagmamma.

«Det er i boka mi ikkje like ille som bevisst å svindle staten og skattebetalarane på den måten Hoel har gjort», skriv ho på Facebook.

Når dette er sagt, er det viktig å presisere følgande: Ein bør kunne bli statsråd med langt verre ting i bagasjen, viss ein har gjort opp for seg.

Dag Håkon Myrdal hadde ansvaret for medlemslistene til Den Konservative Studenterforening (DKSF) – avdeling Trondheim – på midten av nittitalet.

Han gir Hoel honnør for at han erkjenner at juksinga var «bevisst», men meiner den nye statsråden underslår og relativiserer eige ansvar.

Det er rett og slett ikkje sant at alle blåste opp medlemstala, og eg blir framleis småforbanna når eg tenker på korleis dei politiske motstandarane våre stakk av med ein større del av potten enn dei hadde krav på.

Han legg til:

Eg har sjølv vore med på å nekte verv til politiske kollegaer som har gjort mindre alvorlege ting enn det.

Kristin Clemet under Finansnæringens dag i Oslo

Kristin Clemet seier det finst folk som ikkje har blitt statssekretærar fordi dei i fortida har nytte seg av såkalla svart vaskehjelp eller dagmamma. – Det er i boka mi ikkje like ille som bevisst å svindle staten og skattebetalarane på den måten Hoel har gjort, seier ho.

Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

– Det var eit av dei første spørsmåla som kom opp

Andre har gjort eit poeng av at den nye forskings- og høgare utdanningsministeren har stått «rakrygga» og at forklaringa hans om at juksinga var forsettleg er «forfriskande ærleg».

I Politisk kvartar tysdag morgon fortalde Hoel at han fekk spørsmål om saka første dag som ny statsråd.

– Det var eit av dei første spørsmåla som kom opp på første dagen, seier han til programleiar Bjørn Myklebust.

– Hadde du og Støre avtalt å seie det høgt dersom ingen journalistar spurde om det?

– Nei, det hadde vi ikkje gjort.

– Korleis skal vi tolke det annleis enn at de ikkje ville det skulle komme ut?

– Eg la til grunn for at det skulle komme, og da skulle eg svare på det.

Hoel -ny statsråd

– Eg tok over ein praksis frå mine forgjengarar, seier Oddmund Hoel. Her saman med statsminister Jonas Gahr Støre.

Les også Hoel avviser medlemsjuks