Sumardansen i Dale heitte kurset som no sår tvil om mållaget si truverd. For instruktørkurset i pardans fekk Norsk Målungdom 40 000 kroner i statsstøtte. Alt vel så langt. Men då kurset gjekk av stabelen i 1998 i Dale i Sunnfjord, var også den same helga som tidlegare leiar i Norges Mållag Oddmund Hoel og tidlegare nestleiar Eli Bjørhusdal heldt bryllaup - i Dale.
Mållaget har i følgje TV-2 programmet Rikets Tilstand fått statsstøtte for mange fiktive kurs. Var det verkeleg eit pardans-kurs i Dale, eller vart bryllaupet til Hoel og Bjørhusdal brukt som påskot til å få inn statlege kroner til mållaget?
Hoel seier han ikkje vil medverke til å blåse opp bryllaupssaka, og avviser at det var ei kopling mellom bryllaupet og kurset. Utover det har han ingen kommentarar.
Likevel er både han og kona oppført på deltakarlista for Sumardansen i Dale. Dei skulle altså på dansekurs den same helga dei gifta seg.
Sjølve invitasjonen til kurset vart skrive lenge etter at kurset angjeveleg hadde gått av stabelen. Invitasjonen vart nemleg skriven i august 1999. Altså nesten eitt år etter kurshelga i Dale, men tett før kursrapportar skulle leverast Barne- og Familiedepartementet for å få statsstøtte.