Hopp til innhold

Kristian måtte jobbe då svigerfaren blei gravlagt

Over heile Noreg slit bøndene med å få hjelp. Kristian Gjengedal fann ingen til å avløyse han då han skulle ta farvel med sin eigen svigerfar.

Kristian Gjengedal, mjølkebonde i Gloppen

LITE FRITID: Kristian Gjengedal arbeider 2500 timar i året. Eit vanleg årsverk er på 1800 timar.

Foto: Bård Siem / NRK

– Ein føler ofte at ein ofrar litt mykje, seier Kristian Gjengedal, mjølkebonde i Gloppen medan han klappar på ei av kyrne sine. 48-åringen har 10 mjølkekyr, ammekyr og oksar.

Tidlegare i år mista han svigerfar sin og kunne ikkje reise i gravferda lenger sør i landet.

Årsaka: Det var ingen som kunne avløyse han på garden.

– Det kunne vore godt for kona å ha den støtta i den tida med sorg, seier Gjengedal.

Det var ein hektisk periode med mykje kalving på garden, og å reisa vekk ein heil dag var heilt utelukka.

Mjølkebonden har ikkje hatt fri frå arbeid sidan januar 2020.

Det var sist han hadde avløysar. Dei siste to åra har det vore han, kona og tre søner som har drive garden.

– Det er vanskeleg å finne ein erstattar. Det er mykje ansvar å drive mjølkeproduksjon, seier Gjengedal, som trivst godt med livet som bonde, men innrømmer at det er slitsamt utan ein avløysar.

Kyr

MYKJE ANSVAR: – For å drive mjølkeproduksjon treng ein mykje opplæring og erfaring, seier mjølkebonden Kristian Gjengedal.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

Over heile landet slit fleire bønder med skaffe seg hjelp på garden.

– Det er heilt tragisk. Vi slit med å få tak i folk, seier dagleg leiar for landbrukstenesta i Nordfjord, Tone Sørland.

Gravferd, dåp og konfirmasjonar blir valt vekk

Mangel på avløysing gjer at store familiehøgtider må veljast vekk. Nokre gongar må bøndene gå sjuke eller skadde i fjøset.

– Det er eit kjempestort problem i alle delar av landet. Eg har ikkje høyrd om stader der det er flust av avløysarar, seier Anders Felde, leiar i Vestland Bondelag.

Dei som rekrutterer avløysarar til gardane opplever at det blir hardare kamp om arbeidskrafta.

Gjengedal er uroa over rekrutteringa.

– Bondeyrket har for låg status. Eg trur mange unge vel andre jobbar, seier mjølkebonden. Han viser til at dårleg inntening og ugunstige arbeidstider også spelar inn.

Les også: Bøndene i Noreg kan stå overfor et realt stup i inntekter

Ein raud traktor på eit jorde.

Slit med å rekruttere ungdom

– Mange ungdommar glepper for oss etter at dei er ferdige på skulen. Der må bøndene og landbrukstenesta vere med å snakke fram næringa, seier Tone Sørland.

– Ungdommar tar ikkje jobbar der foreldra fortel at dei ikkje har ei framtid.

Dronebilde av Nedre Skinnes Gård

SLIT: Over heile Noreg har bøndene få å velje mellom når dei skal finne avløysarar.

Foto: Truls Alnes Antonsen / NRK

Tage Nondal er ein av dei som jobbar som landbruksvikar. For arbeidet sitt i Luster og Sogndal vart han kåra til årets avløysar i 2020.

Han ser tydeleg at det blir mindre unge krefter rundt han.

– Før var det nok meir interessant, men no er det andre bransjar som lokkar meir. I tillegg er ikkje løna konkurransedyktig opp mot andre yrke.

I år startar jordbruksoppgjeret 27. april. Då legg jordbruket fram kravet sitt overfor staten.

– Det er ei klar prioritering av velferd og avløysing i det kommande jordbruksoppgjeret, seier Anders Felde i Vestland Bondelag.

Gardbrukar Kristian Gjengedal

MYKJE ARBEID: Gardbrukar Kristian Gjengedal har ikkje hatt fri på over to år.

Foto: Bård Siem / NRK