Hopp til innhold

KrF-leiaren trur på spennande avstemming – følg møtet direkte

SKEI (NRK): I dag skal Sogn og Fjordane KrF velje sine sju delegatar til det ekstraordinære landsmøtet neste helg.

Fylkesårsmøte i KrF på Skei

EKSTRAORDINÆRT ÅRSMØTE: Ikkje overraskande vart det fleirtal i Sogn og Fjordane KrF for Knut Arild Hareide sitt politiske retningsval.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

SISTE: Det ekstraordinære årsmøtet i Kristeleg Folkeparti i Sogn og Fjordane har nettopp røysta i saka om det politiske retningsvalet. Fylkespartiet har avgjort å sende fire raude delegatar, to blå og ein delegat som støttar forslaget om å vere i opposisjon. Dei raude fekk 51 røyster, 30 røysta blått og sju vil ha det som i dag.

Fylkesleiar Beate Bondevik Lie sa tidlegare i dag at ho trur det blir ei spennande avstemming.

– Eg er spent, men gler meg. Eg trur vi får gode diskusjonar og ei god avstemming, seier ho.

Det er venta at KrF i fylket vil sende flest delegatar som støttar partileiar Knut Arild Hareide og hans ønskje om å gå inn i ei raudgrøn-regjering. Lie seier dei vil ha eit val på delegatar som gjenspeglar stemninga i salen.

– Det er i alle fall fylkesårsmøtet si innstilling.

Lie tykkjer at striden i partiet har spissa seg meir enn det ho tykkjer om.

– Det må eg vere ærleg å seie. Eg tenkjer vi må gjere ein god jobb for å gå vidare i samla tropp uansett kva som skjer på landsmøtet

Mange delegatar skal veljast

Fem fylkesårsmøte vel delegatar i dag, og dei skal til saman velje 52 delegatar til landsmøtet 2. november.

  • Sogn og Fjordane: 7
  • Hordaland: 14
  • Møre og Romsdal: 12
  • Trøndelag: 13
  • Troms: 6

Om vi berre ser på dei som faktisk er valde av fylkesårsmøta, ser landsmøtesalen foreløpig slik ut: