Hopp til innhold

Hordaland ber KrF søke blå regjeringsmakt

SOTRA (NRK): 54 av delegatane i Hordaland stemte for at KrF skal gå til Erna Solberg. Det betyr at Hareide får fem raude delegatar frå heimfylket.

VEGVAL: Både Knut Arild Hareide og nestleiar Kjell Ingolf Ropstad talte på årsmøtet til Hordaland KrF. Sjå heile møtet her.

Det skulle veljast 14 delegatar frå Hordaland då fylkeslaget var samla til ekstraordinært årsmøte på Sotra. Partileiarens heimfylke har den nest største delegasjonen til landsmøtet.

Fylkeslaget bestemte seg fyrst for at dei vil gå i regjering – og ikkje bli verande i opposisjon. 78 av delegatane ville gå i regjering, og berre ni stemte mot.

I avstemminga om ein skulle gå til Høgre eller Arbeidarpartiet, fekk Hareide med seg 32 av delegatane. Det betyr at Hordaland sender ni blå delegatar og fem raude til landsmøtet.

Delegatlista blei vedtatt samrøystes.

– Eg er stolt over korleis KrF handterer denne debatten. Det er mange som støttar meg, og endå fleire som er ueinige, men debatten gjer meg stolt, sa Hareide etter avstemminga.

– Over streken

Også fylkesleiar Dag sele meinte etterpå at det hadde vore ein god og respektfull debatt, men ikkje alle er samd i det.

Undervegs i debatten fall det sterke ord frå ein av støttespelarane til Hareide.

– Det er uforståeleg for meg at fleirtalet i denne salen kan frede Sylvi Listhaug, på bekostning av Knut Arild Hareide, sa finansbyråd i Bergen, Dag Inge Ulstein.

Det likte ikkje fylkesvaraordførarar Pål Kårbø. I ein tråd på Facebook skriv han at mange på årsmøtet reagerte på det Ulstein sa.

– Det var over streken! skriv Kårbø.

Dag Inge Ulstein på Hordaland KrFs ekstraordinære årsmøte

KRITISK: Dag Inge Ulstein og Therese Hellesøy Strand (t.v.) var blant delegatane som gjekk hardt ut mot dei som vil samarbeide med Frp.

Foto: Christian Lura / NRK

Truga med heilblå delegasjon

Allereie før sjølve debatten var i gong, blei det spanande for Hareide. Sentrale krefter i fylkespartiet ville sikre seg ved også å velje ein heilblå reservedelegasjon.

Gruppeleiar for KrF i fylkestinget i Hordaland, Beate Husa, føreslo at fylket skule velje ein primær og ein sekundær delegasjon.

Den primære delegasjonen skulle spegle haldninga i årsmøtet og skulle sendast om andre fylke følger dette prinsippet. Den sekundære ville vere ein «vinnaren tar alt-delegasjon» og skulle sendast til landsmøtet dersom andre fylke ikkje sender representative delegasjonar.

Men forslaget fall med 51 mot 36 stemmer. Årsmøtet sender ein representativ delegasjon til landsmøtet, slik leiinga ønskte.

– Eg tolka det som at ein ønskte ein sikkerheitsventil, men eg trur ein landa på eit klokt vedtak, sa Hareide etter avstemminga.

Hareide seier han kjenner seg trygg på at ein også andre stader i landet vil følgje rådet til partileiinga og sende representative delegasjonar.

Andre var hardare i skildringa av forslaget. Tom Sverre Tomren frå fylkestingsgruppa, kalla det både uetisk og eit «fleirtalsdiktatur».

Beate Husa på talarstolen under fylkesårsmøtet laurdag

PRESS: Gruppeleiar for KrF i fylkestinget i Hordaland, Beate Husa, vil sende ein delegasjon med berre blå delegatar, om andre fylke sender berre raude.

Foto: Bergit Sønstebø Svendseid / NRK

Duell mellom Hareide og Ropstad

Også fire andre fylkeslag i KrF var samla denne laurdagen.

Kva delegatar dei vel til det ekstraordinære landsmøtet i KrF 2. november, vil avgjere om Erna Solberg (H) får halde fram som statsminister, eller om Knut Arild Hareide får det som han vil, og dannar regjering med Jonas Gahr Støre (Ap).

– Det minst trygge er å halde fram som før, i opposisjon, sa Hareide i tala til sitt eige fylkeslag.

– Går vi saman med Arbeidarpartiet og Senterpartiet, gir vi SV frivillig den vippeposisjonen vi har i dag, parerte nestleiar Kjell Ingolf Ropstad frå talarstolen.

OPPGJER: Knut Arild Hareide langa ut mot Sylvi Listhaug i tala på Sotra.

Fylkesleiar i Hordaland, Dag Sele, støttar Hareide sitt ønske om å forhandle med Arbeidarpartiet og Senterpartiet.

Han trudde likevel ikkje at han ville få fleirtalet på fylkesårsmøtet med seg.

– Like spanande som å sjå kor stort fleirtalet er, blir det å sjå kor stort mindretalet blir, sa Sele.

For nettopp kor mange «raude» delegatar som får reise til landsmøtet, er blitt viktigare etter at Rogaland valde å sende ei overvekt av blå delegatar, heller enn eit tal som spegla meir nøyaktig kva årsmøtet meinte om regjeringsspørsmålet.

Dag sele på årsmøtet i Hordaland KrF

STØTTAR HAREIDE: Leiar i Hordaland KrF, Dag Sele, vil gå i regjering med Ap og Sp. – Avstanden til Frp er for stor, seier han.

Foto: Bergit Sønstebø Svendseid / NRK

Vil rette opp «feilen» frå Rogaland

I ei lukka gruppe på Facebook, føreslo Sele tidlegare denne veka at fylkeslag med mange delegatar skulle hjelpe til med å rette opp «feilen» frå årsmøtet i Rogaland.

Bergens Tidende skriv at forslaget gjekk ut på at fylkeslag skulle rundt opp i Hareide sin favør, om stemmetalet ikkje gjekk opp i talet på delegatar.

«Det vil jo sjeldan gå helt opp uansett. Dermed kunne vi komme på rett spor igjen, totalt sett» argumenterte Sele i innlegget.

Det skapte reaksjonar i både Rogaland og Agder KrF, som meinte det ville vere å «tippe» valet i raudt favør.

Ifølgje NRKs undersøking av valde og innstilte delegatar, ser landsmøtesalen no slik ut: