Det lova partileiar Liv Signe Navarsete då ho møtte utsendingar frå Vik i Oslo i går.
Leiar Anders Vikøren i Vik Senterparti er gledesstrålande.
– Det var eit veldig positivt møte, det var det kjekkaste politiske møtet eg har vore på. Liv Signe Navarsete var veldig tydeleg på at Vikafjellsvegen skal inn i Nasjonal Transportplan. Ho posta det på Facebook-profilen sin før vi var ute av dørane.
Delegasjonen frå Vik vende heim, styrka i trua på at dei skal få fortgang i planane om heilårsveg over Vikafjellet.
– Vi er sjølvsagt veldig glade, vi meiner dette er eit bra prosjekt for regionen. Eg har god tru på at dei andre regjeringspartia og vil gå inn for at Vikafjellsvegen skal vere med i NTP. Eg trur det går rette vegen no.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ: