Hopp til innhold

No krev KrF same nettleige over heile landet

Nettleiga er skyhøg i nokre fylke og langt billegare i andre. No krev KrF at regjeringa tek grep for å sikre ei utjamning av den omdiskuterte avgifta.

Tore Storehaug

PÅ TALARSTOLEN: Stortingsrepresentant Tore Storehaug (KrF) under trontaledebatten tysdag. Det er første gong han står på talarstolen i Stortinget.

Foto: Privat

– Vi blei utfordra på utjamning av nettleige gjennom heile valkampen, så no ser eg ingen grunn til å vente med dette, seier stortingsrepresentant Tore Storehaug (KrF).

Storehaug som er fersk stortingsrepresentant, medlem av energi- og miljøkomiteen og energipolitisk talsmann i KrF, fremja forslaget under trontaledebatten på Stortinget i dag.

– Vi ber regjeringa komme med ein modell for å jamne ut nettleiga på ei god måte, slik at forbrukarane i til dømes Sogn og Fjordane får billegare straum, seier han.

Nettleige er prisen du betalar for å få straumen fram til huset ditt og varierer alt etter kvar ein bur i landet. Den blir rekna ut etter forbruket ditt og er ikkje ei fast avgift. Det er store skilnader og fleire har teke til orde for at det må bli ei meir rettferdig ordning

(Sjå prisoversikt nedst i saka.)

– Nokon må betale meir

I arbeidet med å jamne ut nettleiga, seier Storehaug det er viktig at nettselskapa beheld den gode lokale kunnskapen dei har i dag og at det framleis skal lønne seg å drive på ein god måte.

– Det har kome forskjellige forslag, både med nasjonale og regionale selskap. Ei anna løysing kan vere ein pott der dei i sentrale strok betalar inn og så blir dette fordelt på dei kundane som har den høgaste nettleiga. Men det er dette eg ber regjeringa komme tilbake til.

– Det er vel mange som er interessert i å betale mindre, men ingen er vel interessert i å betale meir. Kva skal til for å få dette til?

– Når det er snakka om utjamning må nokon betale meir. Den gode nyheita er at dei som må betale meir er mange fleire enn som skal betale mindre, så det blir ei mindre endring for dei som bur i dei store byane. Det trur eg også er ein av grunnen til at det er ei sak som fleire parti snudde på i partiprogramma. Og som er ein av grunnane til eg håper det er mogleg å få til.

Trur på fleirtal

Storehaug meiner at det er gode føresetnadar for at framlegget kan få fleirtal på Stortinget etter at fleire av partia har teke dette inn i programma sine for denne perioden.

– Mange parti har heldigvis snudd. Når partia har det i programma sine, så forventar eg at dei følgjer opp. Eg har store forhåpningar om at dette er noko vi skal få til, ikkje minst med hjelp av dei andre representantane frå Sogn og Fjordane, seier han.