NRK Meny
Normal

«Ein må setje opp nettleiga i dei tett befolka områda»

– Blir det ei ny regjering har eg stor tru på at vi skal få på plass eit ny system for ei meir rettvis nettleige, seier stortingsrepresentant Liv Signe Navarsete (Sp).

Liv Signe Navarsete

NETTLEIGE: Liv Signe Navarsete er stortingsrepresentant for Senterpartiet.

Foto: NRK

Val

NVE varslar no at nettleiga kjem til å auke med 25 til 30 prosent. Bakgrunnen er mykje gammal linjenett frå 60 og 70-talet som må skiftast ut, i tillegg til linjer for nybygde kraftverk.

– Det er ikkje tvil om at det ligg store investeringar framføre oss, og det er og store investeringar som må til dersom vi skal få meir fornybar kraft frå både vind og vatn på nettet, seier Navarsete.

Skeivfordeling

Kostnadane kjem til å merkast på straumrekninga til innbyggjarane over heile landet, men for nokre vil auken svi ekstra. Straumkundane i Sogn og Fjordane betalar alt nesten 40 prosent høgare nettleige enn landsgjennomsnittet.

– Det som er den store feilen i dag er at det er vi som bur nær kraftproduksjonen som må betale for utbygging fram til sentralnettet. Ei av dei viktigaste sakene for Senterpartiet i denne valkampen er at vi skal få til ei utjamning av nettleiga, seier Navarsete.

Navarsete vil no at også dei store byane skal ta sin del av rekninga.

– Det er ikkje minst i dei store byane at forbruket går opp. Der er det mykje forbruk til både næringsliv og private slik det også er i distrikta. Uretten i dag ligg i at den lange transporten på sentralnettet, den er vi i distrikta med på å betale, medan innbyggarane i dei store byane ikkje er med på å betale for transporten fram til sentralnettet, seier Navarsete.

Nytt system

Navarsete meiner ein må sjå på heile produksjonslina frå kraftverket til forbrukar som ei line.

– Det må fordelast på alle. Då blir det lågare nettleige i distrikta. Litt høgare nettleige i dei store byane, men der er det så mange å fordele kostnaden på at det ikkje blir den store forskjellen, seier Navarsete.

– Dette er inga ny problemstilling, kvifor har det vore så vanskeleg å få til?

– Det har vore ein motstand i dei store partia, dette gjeld både Høgre og Arbeidarpartiet, mot å legge til dei få øra som må til. Ein må setje opp nettleiga i dei tett befolka områda. Det er sjølvsagt ikkje noko populær sak, men eg trur at dersom ein legg det fram på rett måte så forstår folk det, seier Navarsete.

Vil vurdere forslag

Førstekandidat for Høgre i Sogn og Fjordane, Frida Melvær, peikar på at dei raudgrøne kunne ha innført ei utjamning, men at dei ikkje fekk dette til.

Eg trur ikkje nødvendigvis dette er like enkelt som det Senterpartiet og Arbeidarpartiet proklamerer no i valkampen. Men kjem det eit forslag til korleis dette kan gjennomførast så skal vi sjølvsagt vurdere det.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.