Hopp til innhold

Kan ta tid før vegen kan opne att - 200 innbyggjarar innesperra av jord- og steinras

Det kan ta tid før vegen mellom Vikøyri og Arnafjorden i Vik kommune opnar att. Det er store rasmassar som må ryddast vekk og ingen veit enno om vegen under har teke skade.

Steinras mellom Arnafjorden og Vik

STENGD: Store rasmassar sperrar vegen til Arnafjorden i Vik. Her blir bilistar frå Vik møtte med bommen nede.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Fylkesveg 92 til Arnafjorden i Vik har vore stengd sidan søndag kveld då politiet klokka 19.15 fekk melding om eit stort jord- og steinras. Dermed er vel 200 innbyggjarar utan vegsamband med omverda.

Raset skal vere fem-seks meter høgt og rundt 100 meter breitt. Mannskap frå Vegvesenet og politiet var raskt på plass og det var til alt hell ingenting som tyda på at personar eller køyretøy var tekne av raset.

Dei som var på staden i går vurderte det som uaktuelt å opne vegen søndag kveld. I løpet av føremiddagen måndag er det venta geolog til området.

– Det er venta ein geolog til staden i løpet av føremiddagen, truleg i 10-tida, seier Roger Nedberge Hille ved Vegtrafikksentralen i Lærdal.

Før ein kan starte rydding av vegen må ein vurdere om det er fare for at meir masse kan kome ned.

Og sjølv om det skulle bli gitt klarsignal for rydding i føremiddag, vil det ta tid før vegen kan opne igjen, seier vaktoperatøren.

– Det er mykje rasmassar som er komne ned på vegen. Ein veit heller ikkje noko om tilstanden til vegen under raset, om den har teke skade eller ikkje, seier Nedberge Hille.

Vegen til Arnafjorden i Vik stengd grunna stort jordras

JORDRAS: Fylkesveg 92 til Arnafjorden i Vik vart søndag kveld stengd av eit større jord- og steinras.