Hopp til innhold

Torer ikke opne rasveg i dag - fryktar meir masse skal kome ned i vegen

Det er ikkje trygt å starte rydding av fylkesveg 92 til Arnafjorden i Vik i dag. Det seier geolog Jens Tveit i Statens vegvesen som har vurdert rasstaden frå lufta.

Grunna rasfare blir ikkje fylkesveg 92 til Arnafjord rydda og opna att før tysdag.

SJÅ VIDEO: Til alt hell vart ingen vegfarande tekne av raset som søndag kveld feia over fylkesveg 92 i Vik. Foto: Noralv Pedersen (NRK)/Ingrid B. Hynne (Statens vegvesen). Redigering: Oddleif Løset (NRK)

– Det er såpass mykje sørpe som ligg att i skredløpet, og det rasar litt no og då. Difor meiner vi det ikkje er trygt å gå inn i området i dag, og vegen blir ikkje opna att før i morgon, seier Tveit til NRK.no like før klokka 12 måndag.

Geologen har då nettopp vore oppe i helikopter i fjellsida over Sognefjorden for å sjå på rasløpet. Medan geologane var oppe i helikopter såg dei eit mindre sørpeskred losne i det same området.

Steinras stengjer Vik - Arnafjord

OPNAR IKKJE I DAG: Fylkesveg 92 til Arnafjorden i Vik opnar ikkje før tysdag.

Foto: Tiril Hagen Otterskred

Rundt 200 personar er innesperra i Arnafjorden etter at raset losna høgt oppe i fjellsida i Eitrestrondi søndag kveld.

Mannskap frå Statens vegvesen og politiet var raskt på rasstaden søndag kveld då meldinga om raset kom. Til alt hell var det ingenting som tyda på at verken personar eller bilar var tekne av rasmassane.

No er det klart at vegen ikkje blir opna att måndag.

Starta som eit snøskred

Stort ras i Vik

STENGT: Raset som søndag kveld la seg over fylkesveg 92 til Arnafjorden i Vik starta i høgda som eit snøskred.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Tveit seier dei frå helikopter såg korleis skredet hadde losna heilt oppe i fjellsida.

– Vi har sett eit snøskred med brotkant på eit par hundre meter. Det har losna heilt oppunder toppen av fjellet i ca. 600 meters høgde. Snøskredet har gått nedover fjellsida og blitt til eit jordskred. Det ligg no mykje jordmassar, stein, sørpe og vatn i vegbana, seier Tveit.

Han seier dei førebels ikkje veit om vegen under rasmassane har teke skade, og viser til at dette er noko ein først vil finne ut når ein startar ryddinga tysdag.

(Artikkelen held fram under biletet)

Ingrid B. Hynne (f.v.) og Jens Tveit er geologar.

HAR VURDERT FJELLSIDA: Geologan Jens Tveit (til høgre) og Ingrid B. Hynne har i føremiddag sett på fjellsida frå helikopter

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Resten av sørpa må smelte vekk

No treng dei hjelp frå vêrmaktene med å få vekk restane av snøskredet i fjellsida.

– Det er som sagt eit snøskred som har gått her, og den snøen som var ustabil i fjellsida har blitt teke med ned. Det ligg no att sørpe i skredløpet, og den vil truleg smelte vekk i løpet av natta.

– Så lenge den er smelta og er vekke i morgon, så vil det vere trygt nok til å starte rydding, seier geologen til NRK.no.

Ifølgje Tveit er det snakk om ca. 1000 kubikk med rasmassar som har treft vegen.

– Kor tid kan vegen opne?

– Slik det ser ut no, og med dei vêrmeldingane som er, kan vi opne vegen i morgon føremiddag, seier Tveit.

(Artikkelen held fram under biletet)

Ras sperrar fylkesveg 92 Arnafjorden i Vik

DAGMAR: Slik såg fylkesveg 92 mellom Arnafjorden og Vik ut etter uvêret Dagmar i desember 2011.

Foto: Grunde Engan

Ordførar krev tunnel

Vik-ordførar Marta Finden Halset prisar seg lukkeleg for at ingen personar eller bilar vart tekne av raset som kom sigande ned fjellsida søndag kveld. No vil ho ha slutt på all trafikk forbi rasstaden.

Ho har sett seg lei av stadige hendingar på vegen. Til dømes var vegen stengd i ein lengre periode under romjulsuvêret Dagmar i 2011. Då vart heile fylkesvegen sopa vekk av rasmassane.

(Artikkelen held fram under biletet)

Raset sett frå lufta

RASFARE: Grunna rasfare blir ikkje raset mellom Vik og Arnafjord rydda før tysdag.

Foto: Ingrid B. Hynne / Statens vegvesen

– Vi var svært heldige i går kveld. Så lang vi veit no var det ikkje bilar eller personar som vart tekne, så endå ein gong var vi svært heldige, sa ordføraren på telefon frå Arnafjorden i Vik måndag morgon.

Finden Halset meiner den nye Vikafjellstunnelen kan bli ein del av løysinga for å få trafikken vekk frå fylkesveg 92 langs fjorden. Ho vil nemleg kople ein tunnel frå Dale i Framfjorden inn på den lange tunnelen under Vikafjellet.

– Då kan vi stengje fylkesveg 92 forbi rasområdet, seier ho.