Hopp til innhold

Krev nye rutiner: Vil at kvinner skal ta imot varsel i Senterpartiet

Senterkvinnene vil ikkje at ein mann skal vere åleine om å ta imot varsel i partiet. Kravet kjem to dagar etter at forsvarsministeren gjekk av.

Generalsekretær Knut M. Olsen (i midten), sammen Sp-leder Trygve Slagsvold Vedum og nestleder Anne Beathe Tvinnereim.

I BAKGRUNNEN: Knut M. Olsen har vore generalsekretær i Senterpartiet sidan 2010. I dag er det han som handterer varslingssaker i partiet. Bildet er fra 2018.

Foto: Terje Pedersen / NTB Scanpix

Vi ønsker at ei kvinne skal vere representert saman med generalsekretæren, seier Wenche Skallerud, som er leiar i Senterkvinnene.

Senterkvinnene er Senterpartiets kvinneorganisasjon og har dei siste dagane drøfta eit nytt forslag om innlevering av varsel i partiet.

I dag er det generalsekretæren i partiet som handterer varslingssaker. Knut M. Olsen har vore generalsekretær i Senterpartiet sidan 2010.

Skallerud seier utgangspunktet for drøftinga er «auka medvite rundt dei etiske retningslinjene i partiet», at «kvinner skal føle seg trygge» og at partiet «må lage eit system der det følast trygt å varsle om problem».

Wenche Skallerud

OGSÅ KVINNER: – Men vi må ha eit system og rutinar som famnar alle. Også kvinner, seier Wenche Skallerud, som er leiar i Senterkvinnene.

Foto: Privat

Rutinane for varsel i partiet har vore i søkelyset etter at det i førre veke vart kjend at tidlegare Sp-politikar Hilde Lengali har levert eit formelt varsel mot Odd Roger Enoksen.

Sidan har Enoksen trekt seg som forsvarsminister etter av VG gjorde det kjent at han hadde eit seksuelt forhold til ei ung kvinne medan han var statsråd.

I lys av Enoksen-saka, har det vore gode nok rutinar i Senterpartiet?

Det er vanskeleg for meg å si, eg har ikkje gått inn i nokre konkrete saker, seier Skallerud til NRK.

Ho legg til:

Men vi må ha eit system og rutinar som famnar alle. Også kvinner.

Odd Roger Enoksen (Sp) under pressekonferanse om status og tiltak i forsvarssektoren. Foto: Javad Parsa / NTB

I SØKELYSET: Rutinane for varsel i Senterpartiet har vore i søkelyset dei siste to vekene. Odd Roger Enoksen trakk seg som forsvarsminister på laurdag.

Foto: Javad Parsa / N

Vi kan alltid bli betre til å handtere varsel

Forslaget vert no sendt ut på høyring i lokallaga, før eit endeleg utkast vert sendt over til sentralstyret i partiet etter påske.

– Dette er eit forslag som det er naturleg for oss å vurdere. Det må drøftast av sentralstyret ettersom det er sentralstyret som fastset og reviderer vårt etiske regelverk, seier parlamentarisk leiar i Senterpartiet, Marit Arnstad, til NRK.

NRK har forsøkt å kome i kontakt med generalsekretær i Senterpartiet, Knut M. Olsen, men utan hell.

OPPDATERING: Olsen svarte klokka 15:59 måndag ettermiddag, sjå faktaboks.

Regler for diskresjon og hemmeleghald gjer at forslaget legg opp til at to – og berre to – skal ta imot varsel.

I Vestland fylke, som historisk sett vore eit tyngdepunkt for Senterpartiet, vert forslaget positivt motteke.

Vi kan alltid bli betre til å handtere varsel som kjem inn, seier Britt Mulelid, som er leiar i Senterkvinnene i Sogn og Fjordane.

NRK fortalde i november om seks kvinner som kjende seg godt varetekne av varslingsinstituttet i Senterpartiet. Saka enda med at ein Sp-politikar vart ekskludert.

Senterpartiet sin oppsummerende pressekonferanse

NATURLEG Å SJÅ PÅ: – Dette er eit forslag som det er naturleg for oss å vurdere, seier Marit Arnstad til NRK.

Foto: Torstein Bøe / NTB

Dette er eit godt forslag

Dette er eit godt forslag, som absolutt bør vurderast, seier Gunn Åmdal Mongstad, som er Sp-ordførar i «den vestlegaste kommunen i landet», Solund.

Mette Heidi B. Ekrheim (Sp), ordførar i Etne, har liknande respons:

– Vi må sjå på om det bør vera eit utval av tre personar, med begge kjønn representert, seier ho til NRK.

Varaordførar i Kinn, Sidsel Kongsvik (Sp), vart «rikskjendis» i fjor då ho vart «fråteke løna over natta»:

Det blir sårbart om varselet berre går til ein person. Varselmottaket bør bestå av minimum to, gjerne tre. Og begge kjønn bør vere representert, seier ho.

Hilde Horpen representerer Senterpartiet på Fylkestinget.

Eg meiner det er viktig at partiet finn ei god løysing på dette framover, der ein også kan vurdere om begge kjønn skal vere representert i eit slikt varslingsutval, seier ho.

Naturleg at generalsekretæren har det overordna ansvaret

Emma Berge Ness i Senterungdommen er meir nøktern i responsen:

Det er naturleg at generalsekretæren har det overordna ansvaret for varslingar, uavhengig av om personen i den stillinga heiter Knut eller Kari, seier ho.

Ho legg til at generalsekretæren ikkje nødvendigvis er den einaste adressaten for varsel, all den tid retningslinjene også peiker på «næraste leiar» som instans (sjå faktaboks).