Varaordføraren mista løna over natta. No får ho halde fram i 20 prosent stilling

Kinn kommune ville kutte stillingsbrøken hennar frå 80 til 4,5 prosent. No er den løfta til 20 prosent, men kommunestyret sa nei til å gi ei unnskyldning.

Varaordførar i Kinn Sidsel Kongsvik (Sp)

VARAORDFØRAR: Sidsel Kongsvik (Sp) får halde fram i 20 prosent stilling som varaordførar i Kinn kommune.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Det vekte oppsikt då Kinn kommune i Vestland fylke i sommar brått ville kutte stillingsbrøken til varaordførar Sidsel Kongsvik (Sp), frå 80 til berre 4,5 prosent.

Over natta vart løna hennar redusert med om lag 570.000 kroner – frå 632.000 til 50.000 kroner.

Tysdag fatta kommunestyret i Kinn endeleg avgjerd i saka.

Med 25 mot 14 stemmer vart det bestemt at Kongsvik får halde på ei stilling på 20 prosent.

Stemte imot unnskyldning

Bakgrunnen for det opphavleg forslaget var ein ny samarbeidsavtale mellom Arbeidarpartiet, Venstre og Høgre.

Pengane kommunen spara gjekk til godtgjersle for partia sine fire eigne utvalsleiarar.

– Dette syner ein heilt ny grad av grådigheit og kynisme i Kinn-politikken, sa Frank Willy Djuvik (Frp) til NRK i august.

Kongsvik er åleinemor til to born, og tok permisjon frå jobben sin i Nav i fire år for å følgje opp det politiske vervet som varaordførar i den nye kommunen.

I kommunestyret tysdag la partiet Raudt fram forslag om å gi Kongsvik ei unnskyldning.

Det vart nedstemt.

– Det tyngste var å ikkje få ei unnskyldning. Eg kan leve med at stillingsprosenten blir redusert, men når det var lagt fram forslag om å be om unnskyldning synest eg det er rart å gå i mot det, seier Kongsvik til NRK.

Ola Teigen og Sidsel Kongsvik

SER FRAMOVER: Kinn-ordførar Ola Teigen (Ap) og Sidsel Kongsvik (Sp) saman i møte.

Foto: Svanhild Breidalen / FJT

Får utbetalt mellomlegget

Kinn-ordførar Ola Teigen (Ap) seier til NRK at han personleg har bedt om unnskyldning.

– Dersom ein vil seie unnskyld til nokon seier ein det til vedkommande, og ikkje gjennom eit vedtak i kommunestyret, seier han.

Kongsvik erkjenner i dag at stillingsprosenten på 80 prosent i utgangspunktet kanskje var for høg.

– Ein varaordførar i 80 prosent er ganske råflott. Då eg begynte å jobbe såg eg at behovet kanskje ikkje var heilt til stades, men 50 prosent ville vore innanfor. Det blir feil at varaordførar skal ha mindre stillingsprosent enn utvalsleiarar, seier ho.

Litt plaster på såret vart det likevel. Venstre-politikar Jacob Nødseth (V) kom med tilleggsforslag om kompensasjon.

Kommunestyret vedtok samrøystes at «varaordføreren har rett på å få kompensert mellomlegget mellom tidligere varaordførergodtgjørelse og ny varaordførergodtgjørelse og arbeidsinntekt. Dette gjelder til og med februar 2021 i tråd med kommunen sitt godtgjørelsesreglement.»

Ola Teigen

ORDFØRAR: Ola Teigen (Ap) i Kinn kommune.

Foto: Truls Kleiven

Meiner prosenten framleis er låg

Varaordføraren meiner likevel at ei redusert stilling vil avgrense kva ho får gjort gjennom vervet.

I løpet av tida med 80 prosent stilling seier ho at ho har brukt mykje tid på å sette seg inn i vervet.

– Eg har nok ikkje fått gjort så mykje konkret som eg ønskte.

Kan ikkje du ta tak i det no?

– Nei, slik eg ser det vil denne stillinga utelukkande gå med til møteverksemd og oppfølging i form av mail og telefonsamtaler, seier ho.

Vil legge saka bak seg

Ordførar svarar at ein har god tid til anna enn møter dersom ein er tilsett i 20 prosent. Han er klar på at det er ulik praksis på kva oppgåver ein varaordførar har.

Prosessen sidan august har vore belastande for Sidsel Kongsvik. Det har vore med å bidra til at ho er 50 prosent sjukmeld. Men no er ho klar for å sjå framover.

– Eg ønskjer å få til eit godt samarbeid med ordføraren, og håpar vi kan setje oss ned for å prate ut. Ingen er tent med at vi skal vere uvener i tre år framover.

– Politiske samarbeid har ingen mal, men dette vil vi saman finne ut av på ein god måte, svarar ordførar Ola Teigen.