Hopp til innhold

Krev nei til fjorddumping av 10 millionar kubikkmeter stein

Natur og Ungdom reagerer på at enorme mengder tunnelmassar frå ny E16 og ny jernbane kan ende opp i ein nasjonal laksefjord. – Vi håpar ikkje Statens vegvesen tek den enkle løysinga.

Arna-Stanghelle, inn i fjellet forbi Vaksdal som vi ser på bildet

FJELL: Veg og jernbane mellom Arna og Stanghelle er planlagd i tre lange tunnelar. Ein av tunnelane vil kome inn frå høgre bildekant, og inn igjen i tunnel ved Vaksdal, som ein ser til høgre for midten av bildet.

Foto: Statens vegvesen

Statens vegvesen og Bane Nor veit endå ikkje kvar dei skal gjere av 10 millionar kubikkmeter stein frå nye E16 og ny jernbane. Eit alternativ er å deponere det i Sørfjorden sør for Osterøy, men det meiner Natur og Ungdom er uakseptabelt.

– Problema forsvinn ikkje under sjøoverflata, seier sentralstyremedlem Aksel G. Bødtker.

Aksel Gøytil Bødtker, sentralstyremedlem i Natur og Ungdom

UAKSEPTABELT: Sentralstyremedlem i Natur og Ungdom meiner Statens vegvesen må finne ei løysing for dei enorme mengdene med stein.

Foto: Jørgen Næss Karlsen

Ny E16 og jernbane mellom Arna og Stanghelle aust for Bergen er planlagt som tre tunnelar for både veg og tog. Det fører til tunnelmassar tilsvarande 1 million lastebillass, eller 330 kopiar av rådhuset i Bergen.

-– Vi har jo jobba med å finne ei løysing for å handtera det på ein eller annan måte, men er ikkje i mål, konstaterer prosjektleiar Gunnar Søderholm i Statens vegvesen.

Eitt av fem i verda

Statens vegvesen forklarar at målet er å kunne bruke massane på ein samfunnsnyttig måte, men det viser seg å vere vanskeleg. Til no er ingen avtaler landa.

Både den noverande og den planlagde vegen og jernbanen går langs Sørfjorden, som er djup og har masse plass. Men fjorden er nasjonal laksefjord.

Natur og Ungdom har kjempa mot sjødeponi fleire gongar, mellom anna i samband med gruvedrift i Repparfjorden og Førdefjorden. No er dei igjen klare til å ta opp kampen for fjorden.

– Når det gjeld både materiale og kor store område steinen vil dekke har dette mykje til felles med gruvedrift. Det vil skade fjorden fordi det øydelegg for det marine livet, seier han.

Ifølgje Bødtker er sjødeponi uhøyrd i global samanheng.

– Noreg er berre eitt av fem land i verda som tillèt sjødeponi, påpeiker han.

Bødtker ber no Vegvesenet ta ein ekstra runde for å finne måtar å bruke massane på.

Keops-pyramiden

LITEN: Tunnelmassane frå ny E16 og jernbane mellom Arna og Stanghelle vil vera fire gonger meir enn all steinen i Kheops-pyramiden i Egypt.

Foto: Mohamed El-shahed / AFP

– Vi håpar Vegvesenet ikkje vel den lette løysinga, men heller leitar etter andre alternativ,

Vegvesenet peiker på at det er mange faktorar som må vurderast.

– Det vil ikkje vere mogleg å frakte all steinen på vegnettet, seier Olav Lofthus i Statens vegvesen som er ansvarleg for ny E16.

Han peikar samtidig på at langa avstandar vil gi store transportutslepp. Å bruke steinen til utvikling av bydelen Dokken i Bergen har også vore eit alternativ.

– Vi må finne den totalt beste løysinga, seier han.

Ikkje avgjort endå

Kvar steinen ender opp er altså framleis ingen som veit.

– Søknad om sjødeponi er plan B, slår Lofthus fast.

Førebels er det ikkje søkt om løyve til å dumpe massane i fjorden. Natur og Ungdom svarar at det må finnast ein betre plan A.

Senioringeniør Olav Lofthus i Statens vegvesen med E16 og nye Vossebanen-teikningar

UTAN PLAN: Olav Lofthus i Statens vegvesen er fagansvarleg for ny E16 Arna-Stanghelle og veit ikkje kvar han skal gjera av tunnelmassane.

Foto: Jon Bolstad / NRK

– Det hadde vore kult om Vegvesenet fann eit anna alternativ. Massane kunne blitt brukt ein annan stad, og dersom det hamnar i fjorden kan ein ikkje bruke det lenger, seier Bødtker.

Lofthus og Søderholm fortel at dei har prøvd å finne andre løysingar for steinen. I fjor la Vegvesenet og Bane Nor ut ei videoannonse: «Interessert i stein? Veldig mykje stein?»

– Per i dag har vi ingen fast fisk. Vi har samtaler med ulike aktørar. Målet er å få på plass nokre intensjonsavtalar i haust, seier Lofthus.

Bødtker har forståing for at det er vanskeleg å finne nokon som treng tunnelmassane.

– Det må kome ordningar som gjer det enklare å kvitte seg med slike mengder stein, seier han.

Ras Vaksdal mai 2015

MANGE RAS: Bergens hovudveg austover er svært ras- og ulukkesbelasta. I mai 2015 stengde store skred E16 ved Vaksdal.

Foto: Helene Wiese-Hansen / NRK