Hopp til innhold

Rasar mot skattepress på småkraftbransjen

Den harde skattelegginga av småkraftbransjen er øydeleggjande for distrikta. Det meiner stortingsrepresentant Bjørn Lødemel (H).

Bjørn Lødemel

KRITISK: Bjørn Lødemel meiner at det er heilt feil å skattleggje småkraftbransjen så hardt som det vert gjort.

Foto: Rolf Sanne-Gundersen / NRK

Nyleg vart det kjend at Byrkjelo kraft måtte betale 4,5 millionar i skatt, etter eit overskot på tre millionar. Dette får Lødemel til å reagera sterkt.

Fryktar konkursar

– Dette er øydeleggja ei viktig distriktsnæring, og det kan vi ikkje finne oss i. Dei får så stor skattebyrde at dei rett og slett kan bli skatta til konkurs, meiner han.

På Byrkjelo føler dei at det heile er tragikomisk. 141 % skatt av overskotet høyrer ikkje heime, meiner eigarane.

- Tre millionar er eit veldig godt resultat for ein så lita bedrift. Det er ikkje mange her i Gloppen kommune som har eit så godt resultat, sa Ole Øystein Kleppe, mjølke- og kjøttbonde og ein av eigarane av Byrkjelo Kraft, til Bondebladet i juni.

Skremmande

Høgre-representanten på Stortinget meiner at no må gjerast noko med skattetrykket mot småkraftbransjen.

Småkraftverk

DYR KRAFT: Småkraftprodusentane vert hardt skattlagt.

Foto: Scanpix / SCANPIX

– Tykkjer det er skremmande å sjå dette. Her er det snakk om pionerar som verkeleg er med på å byggje ut Distrikts-Norge. Dei skapar verdiar i distrikta, og dei vert systematisk motarbeidd av den raudgrøne regjeringa, meiner Lødemel.

NRK har vore i kontakt med Finansdepartementet, men dei ønskjer ikkje å kommentere utspelet frå Lødemel.