Filmane vil kosta totalt 84 millionar kroner, og 13 av desse skal koma frå Bergen.
Kontor på Strandkaien
Forfattar Gunnar Staalesen seier at innspelinga av filmane skal skje i Bergen.
- Eg har alltid visst at Varg Veum-filmane kom til å føregå i Bergen. Dersom det ikkje blir i Bergen, blir det ingen stader, fortel Staalesen.
- Så du hadde ikkje funne deg i at han skulle ha gått slengande rundt i Oslo og løyst krimgåter?
- Nei, viss han skal til Oslo må det vera i samband med den forteljinga som føregår i Oslo. Varg Veum har kontor på Strandkaien. Det vil han óg ha i filmane, seier forfattaren.
Forfattar Gunnar Staalesen.
Skal snakka bergensk
BA skriv i dag at Trond Espen Seim og Mads Ousland er dei heitaste kandidatane til å spela Varg Veum.
- Dette er nytt for meg. Eg har alltid sagt at Veum skal spelast av ein bergensar, så dette er nok berre spekulasjonar, seier Staalesen.
- Kven har du i tankane?
- Det har eg heilt medvite latt vera å svara på, og det gjer eg ikkje no heller, svarer han.