Under Stamvegkonferansen i Førde i dag var dei mykje diskuterte planane for utbetringa av E39 tema. No rasar derimot opposisjonen for det som dei kallar for "raudgrøn feigskap".
Dagleg leiar i Nordfjord Kryssing AS, Mats Anderson, meiner det blir for lite demokrati, og for mykje taktikkeri ved å halde tilbake opplysningane til etter valkampen.
– I utgangspunktet tykkjer eg det er heilt feil å vente til etter valet når det er klart og er ei så viktig sak, seier han.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
– Lite demokratisk
For Anderson og fleire andre er det ikkje heilt uvesentleg kor brua over Nordfjorden skal gå.
– Det eine er at det er ei viktig sak for vår del av landet. Skal vi då velje inn folk, så vel vi folk som kjempar for det vi trur på. Når dette blir lagt til etter valet, er det lite demokratisk.
Under Stamvegkonferansen i dag sa samferdsleminister Magnhild Meltveit Kleppa at E39 skal vere kraftig forbetra om 20 år. Gule midtstriper over heile strekka og ferjefri stamveg er noko av det.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Vil vente til alle er klare
VIL VENTE: Samferdsleminister Magnhild Meltveit Kleppa vil vente til alle utgreiingane er klare.
Foto: Oddleif Løseth / NRKProblemet, ifølgje opposisjonen, er at delar av planane om kor brua over Nordfjorden skal gå, allereie er klare. Likevel vil ikkje statsråden fortelje om dette før etter valet. Kleppa seier dei ikkje vil publisere det før alle utgreiingane er klare.
– Det blir feil å leggje ut berre ei av tre utgreiingar. Dette er faglege utgreiingar som skal ut på høyring. Denne prosessen kjem til å ta ei tid, så det får vi bruke hausten på.
– Er det raudgrøn feigskap å ikkje ta det før etter valkampen?
– Nei, tvert imot, det handlar om å sjå ting i samanheng.
Meiner det er eit hån
IKKJE NØGD: Frank Willy Djuvik ifrå krev utgreiinga no.
Foto: Arne Stubhaug / NRKFrank Willy Djuvik i Sogn og Fjordane FrP meiner det å halde tilbake opplysningane, er det same som å harselere med veljarane.
– Eg tykkjer det er feigt. Eg håper dei tek til vit og får ut den informasjonen slik at politikarane har moglegheit til å ta stilling til det. Eg meiner det er eit hån mot veljarane, for det er ei stor og viktig sak for heile fylket, seier Djuvik.