Alternativa vil bli lagt fram på eit utgreiingsmøte på Nordfjordeid 25.januar, det skriv Fjordabladet.
Bru over Nordfjorden
Fyrste alternativet går frå Volda, via Kvivsvegen-Kjøs-og vidare mot Eid, men med tunnel frå Breisvora til Lote og bru over Nordfjord. Vidare går vegen om Sandane mot Skei.
Prislapp: 5030 millionar kroner. Tid: 88 minutt. Alternativet gjer at ein ikkje lenger treng ferja Lote-Anda.
Over Stigedalen
Andre alternativet går med bru over Voldsfjorden om Stigedalen, og deretter tunnel til bru mellom Lote og Anda. Vidare går vegen om Sandane til Skei.
Prislapp: 8594 millionar kroner. Tid 65 minutt. Alternativet vil avløyse både ferja mellom Volda og Folkestad og mellom Lote og Anda.
(Artikkelen held fram under kartet.)
ALTERNATIVA: Skal E39 i framtida gå vest over dagens trasé i Stigedalen i Eid, eller lenger aust over nye ferjefrie Kvivsvegen mellom Volda og Hornindal som står klar i 2012? Og i så fall bør ein ha tunnel gjennom Utvikfjellet?
Foto: Statens VegvesenTunnel gjennom Utvikfjellet
Tredje og siste alternativet går frå Volda om Kvivsvegen, og med bru over Nordfjord ved Svarstad. Vegen held fram i tunnel gjennom Utvikfjellet om Byrkjelo og i retning Skei.
Ålesund-Skei på to timar
Vegvesenet ynskjer på kort sikt å redusere reisetida til 2,5 timar mellom Ålesund og Skei. På lang sikt skal same strekninga kunne tilbakeleggast på to timar.
Prislapp: 4539 millionar kroner. Tid 66 minutt.