Hopp til innhold

Hans fekk kreft etter jobben i Nordsjøen: – Eg døyr nok før eg får erstatning

Oljepionerar jobba utan vern i giftig røyk. Mange har fått kreft, og det er anbefalt at dei får erstatning. Men regjeringa har enno ikkje bestemt seg.

Hans Marwoll

PÅ LÅNT TID: Hans Marwoll er prega av kreften og medisinane. Beina er vonde og balansen er dårleg. Han kan ikkje lenger dra ut på sjøen åleine.

Foto: Eli Bjelland / NRK

Eg har mykje vondt, spesielt i beina og ryggen. Eg skal døy av kreften, og eg kjenner eg stadig blir dårlegare.

Hans Marwoll (70) har fått beinmergskreft etter eit langt liv som oljearbeidar i Nordsjøen.

Den første jobben var på Statfjord A på slutten av 1970-talet.

Han skildrar ein arbeidskvardag utan vern mot giftige gassar:

– Me måtte stadig tetta ventilar som lak gass. Me trekte inn luft utanfor, sprang inn i røykskya og jobba medan me heldt pusten. Slik heldt me på til lekkasjen var tetta.

Etterpå fekk med skryt for god jobb. Det var slik det skulle gjerast.

Meiner det kan utløysa krav frå andre

For ti år sidan fekk nordsjødykkarane erstatning.

I desember 2022 fekk Marwoll og andre sjuke oljepionerar eit håp om at dei også snart skulle få erstatning.

Ein regjeringsoppnemnd kommisjon slo fast at oljearbeidarar i pionertida blei eksponerte for kjemikaliar som kunne føra til alvorlege, varige helseskadar.

Ifølgje rapporten er det grunnlag for ein eigen kompensasjonsordning for inntil 400 oljepionerar.

Hans Marwoll

– Eg er veldig skuffa over heile prosessen, seier Hans Marwoll.

Foto: Eli Bjelland / NRK

Ventar framleis på svar frå regjeringa

14 månader har gått. Regjeringa har enno ikkje bestemt seg, og veit ikkje kva tid dei har svar.

Arbeids- og inkluderingsminister Tonje Brenna (Ap) seier ho forstår at det er frustrerande å ikkje få svar, men meiner at ei erstatningsordning reiser prinsipielle spørsmål.

– Det er min jobb å vurdera om dette kan ha potensiell overslagseffekt til andre yrkesgrupper som kan meina at dei er urimeleg eller for dårleg behandla, og som har opplevd å bli skadde på jobb, sa ho i Stortinget nyleg.

Sidan juni i fjor er det også stilt tre skriftlege spørsmål i Stortinget om framdrift i saka.

– Me har full forståing for at det er mange som ventar på ei avgjerd. Dette er ei gruppe som har jobba i ei tidleg fase i ein industri som har tent Noreg godt. Men det reiser nokre prinsipielle spørsmål som me må gå grundig gjennom før me kjem med ei endeleg avklaring, seier statssekretær Per Olav Skurdal Hopsø (Ap).

Tonje Brenna

Tonje Brenna seier ho forstår frustrasjonen.

Foto: Javad Parsa / NTB

Mange døyr før dei får svar

Kreftforeningen krev at regjeringa gir svar til dei kreftsjuke oljepionerane.

Dei meiner det er lite sannsynleg at dette er ei ordning som også vil ramma andre yrkesgrupper.

Dette er ei yrkesgruppe som har vore utsett for kreftframkallande stoff, og dei har fått kreft. Mange er dessverre allereie døde, men framleis er det rundt hundre som er i live og som ventar på erstatning.

Det er faktisk hjarteskjerande å sjå korleis dei har stått i dette over år.

– Veldig skuffa

Ein av dei er Hans Marwoll på Bømlo.

Eg er veldig skuffa over heile prosessen. Eg har eit håp og tru på at me kjem til å få erstatning. Men me kjem sikkert ikkje til å få det før me er vekke. Eg døyr nok før eg får erstatning

Kroppen hans er prega av kreften og medisinane.

Han prøver å koma seg ut på fisketurar, men beina er vonde og balansen er dårleg. Han kan ikkje lenger dra ut åleine.

Kreften går ikkje an å kurera, så eg skal døy av den jobben eg har gjort for oljeselskapa og staten. Det er prisen eg betaler.