Hopp til innhold

Hans (68) vart kreftsjuk etter jobb i oljeindustrien. No kan han få erstatning

Dei jobba utan vern mot giftige gassar, olje og damp. – Kompensasjonen må koma fort, seier Hans Marwoll, som er dødssjuk etter jobbing i Nordsjøen.

Hans Marwoll

SKAL DØY: Hans Marwoll (68) frå Bømlo er ulækjeleg sjuk av beinmergskreft. No anbefaler ein kommisjon ei eiga erstatningsordning.

Foto: Paul S. Amundsen / Kreftforeningen

– Me pusta inn rein gift.

Hans Marwoll frå Bømlo skildrar episodar med gasslekkasjar frå tida på plattformer. I 42 år jobba han i oljeindustrien.

I dag er han 68 år og ulækjeleg sjuk av beinmergskreft. Haukeland sjukehus har fastslått at kreften kjem av oljejobben.

– Eg skal døy av den jobben eg har gjort for at landet har fått den velstanden det har.

Kommisjon anbefaler erstatning

Rundt 46.000 personar jobba offshore i perioden 1966 til 1992, viser utrekningar som Oslo Economics har gjort.

I over 20 år har kjemikalieskadar blant tidlegare oljearbeidarar vore på den politiske dagsorden.

Frå før har nordsjødykkarane fått erstatning for skadane dei blei påførte i starten av oljeeventyret.

Ein kommisjon anbefaler no ei eiga erstatningsordning også for dei som jobba over vatn.

Dei meiner at oljearbeidarar i pionertida blei eksponerte for kjemikaliar som kunne føra til alvorlege, varige helseskadar.

Fleire tidlegare oljearbeidarar er intervjua av kommisjonen.

Dei fortel om eit arbeid prega av fokus på å halda drifta i gang og med minst mogleg nedetid. Det var lite verneutstyr tilgjengeleg, og det som fanst var av dårleg kvalitet.

Noen beskrev helseskader og symptomer som varierer fra kreft til MS-lignende symptomer, akutte belastningsskader, utslett, smerter, kvalme og hodepine. For de fleste førte helseskader og symptomer til uførhet, helt eller delvis.

NOU 2022: 19 Oljepionerene – en kompensasjonsordning

Kreftforeininga meiner rapporten frå kommisjonen gir håp til ei neglisjert gruppe.

No er det viktig at Stortinget vedtek denne erstatningsordninga så raskt som mogleg. Dette er menneske som har allereie har venta lenge og som er blitt skuffa før, seier generalsekretær Ingrid Stenstadvold Ross.

Ingrid Stenstadvold Ross

Generalsekretær Ingrid Stenstadvold Ross i Kreftforeininga meiner yrkesgruppa fortener kompensasjon for ei øydelagt helse.

Foto: Lise Åserud / NTB

Vil ha det same som nordsjødykkarane

Ei kartlegging av 700 tidlegare oljearbeidarar som blei gjort i 2007, viste at over halvparten var blitt uføre, 126 hadde fått kreft, og 136 var døde.

Kreftregisteret er no i gang med ei større kartlegging.

Likevel har det vore vanskeleg å påvisa ein samanheng mellom skadane og arbeidet på oljeplattformene. Mange av dei som har prøvd, har ikkje fått yrkesskadeerstatning.

– Seinast i dag fekk ein av dei avslag. Han døydde i fjor, seier Øystein Haugland.

Han jobba sjølv 31 år i Nordsjøen, og har sidan hjelpt minst 15 tidlegare kollegaer med å få erstatning etter yrkesskade.

No har han delt sine erfaringar med kommisjonen.

– Konklusjonen er eit viktig steg i rett retning.

Både han om Hans Marwoll er likevel usikre på kva kompensasjonen vil innebera.

Det er laga alternative forslag og modellar for utforming av ordninga.

– Får me det same som nordsjødykkarane, trur eg alle blir nøgde, og at me føler at me blir verdsette for den jobben me har gjort. Noko lågare kan dei ikkje gå. Det vil vera ei latterleggjering, meiner Marwoll.

Hans Marwoll

Hans Marwoll meiner at oljearbeidarane må få det same som nordsjødykkarane. – – Noko lågare kan dei ikkje gå. Det vil vera ei latterleggjering, meiner han.

Foto: Paul S. Amundsen / Kreftforeningen

Skal på høyring – kan vere for seint

Utgreiinga til kommisjonen blei lagt fram for arbeids- og inkluderingsminister Marte Mjøs Persen (Ap) torsdag.

No skal rapporten ut på høyring.

Samtidig sit Hans Marwoll på Bømlo og ventar.

Han anar ikkje om han rekk å få erstatning før han døyr.

– Det hastar veldig. Me som er sjuke, veit jo ikkje kor lang tid me har igjen.

Han peikar på at mange har kome lenger enn han i sjukdomsforløpet.

– Ein vil jo vita om det medan ein er i live. Viss eg er død når eg får kompensasjonen, får eg jo inga gleda av ho. Då veit eg ikkje om jobben eg gjorde er blitt verdsett.

KIUJjH50hGI

– Eg takkar kommisjonen for arbeidet og vil no setja meg grundig inn i kunnskapsgrunnlaget og vurderingane, seier arbeids- og inkluderingsminister Marte Mjøs Persen (Ap).

Foto: Annika Byrde / NTB