Hopp til innhold

Kreftpasientar smitta av resistente bakteriar på sjukehus

Helse Førde har sett i verk fleire strakstiltak etter at seks pasientar på kreftavdelinga har blitt smitta av resistente bakteriar.

Sentralsjukehuset i Førde

SMITTA HER: VRE-bakterien har vore oppdaga på fleire norske sjukehus. No er kreftavdelinga på sentralsjukehuset i Førde råka.

Foto: Rune Fossum Lillesvangstu / NRK

Det er eit såkalla VRE-utbrot som no er oppdaga på kreftavdelinga på Sentralsjukehuset i Førde. VRE er bakteriar som er resistente mot eit antibiotika som heiter vanckomycin. Det blei gjort funn av bakteriane i ei urinprøve.

– Det blei oppdaga 16. august i ein tilfeldig urinprøve frå ein pasient som var innlagt på kreftavdelinga. Vi har funne bakteriane på seks pasientar. Tre av dei er no innlagt på avdelinga på einerom for å halde dei skilt frå dei andre pasientane, seier fagdirektør Kristine Longfellow.

Kristine Longfellow

– INGEN SJUKE: Fagdirektør Kristine Longfellow.

Foto: Solveig Svarstad / NRK

Helse Førde har sett i verk fleire tiltak med ekstra reinhald og fokus på handhygiene på heile sjukehuset. Særleg fordi det gjeld kreftpasientar med nedsett immunforsvar, er sjukehuset ekstra merksame.

– Denne typen bakteriar finn vi hos alle menneske, men har ein nedsett immunforsvar så kan man bli alvorleg sjuk, seier Longfellow.

Ingen av dei seks pasientane skal ha blitt sjuke av bakterien, men Helse Førde har meldt dette inn til Helsetilsynet og sett i verk strenge tiltak for å hindre vidare smitte. Blant anna isolat for smitta pasientar og eit strengt reinhaldsregime.

– Dette for å hindre smitte og eventuelt infeksjonar hjå andre pasientar som kan vere særleg utsette. Det viktigaste er å ha reine hender, det vil seie handvask med såpe og vatn eller handdesinfeksjon med sprit, særleg før måltid og etter toalettbesøk.

Førekomsten av VRE har lenge vore lav i Norge, men blir stadig vanlegare. Fleire andre sjukehus i Helse Vest har hatt utbrot av vancomycinresistente enterokokkar (VRE). Også ei rekke andre sjukehus i landet melder om utbrot av VRE.