Handel med framtidsstraum på Nasdaq-børsen gjer at norske kraftselskap brått må garantere for store pengebeløp – såkalla marginkrav.
Formålet med desse finansavtalene er å veksle inn risiko i tryggleik og stabilitet, men når marknaden gjer store byks kan effekten bli den motsette.
Då vert avtalene dyre og ubereknelege.
Til nyheitsbyrået Bloomberg seier Helge Haugane, som er direktør for gass og energi i Equinor, at energimarknaden «vil tørke ut» med mindre europeiske land garanterer for minst 1500 milliardar dollar.
– Og det er eit konservativt anslag, la han til under Gastech-konferansen i Milano denne veka.
Sist laurdag kunngjorde svenske og finske styresmakter at dei stiller med milliard-kredittar til nordiske energiselskap – for å hindre ein dominoeffekt av konkursar.
Finansdepartementet, Olje- og energidepartementet, Noregs Bank og Finanstilsynet uttalte på same tid at norske selskap er solide nok til å handtere pengeknipa, men at norske styresmakter «følgjer nøye med på utviklinga».
Det er ikkje godt nok for Energi Norge, som organiserer norske kraftselskap. Dei oppmodar norske styresmakter om å stille opp med «snabba cash» på same måte som svenskane.
– Ting snur ekstremt fort og vi trur det er rett at norske styresmakter følgjer dei nordiske kollegaene sine og opprettar ei tilsvarande garantiordning. Vi må stå saman for å unngå at energikrisa også blir ei finanskrise, seier direktør i Energi Noreg, Toini Løvseth.
Sel seg ned for ikkje å kome i «kontantskvis»
Ei børsmelding denne veka viser at den kommunale kraftgiganten Eviny reduserer mengda førehandsseld kraft på Nasdaq Clearing frå netto 4,4 TWh til 2,0 TWh.
Eit teikn på at norske kraftselskap sel seg ned for å slippe å garantere for stadig større beløp til straumbørsen.
Eviny opplyser at avtalen gjer at selskapet no har «tilgang på nødvendig likviditet til å møte dei løpande forpliktingane sine».
– Dette grepet betyr at vi er eksponerte som før, men vi har flytta eksponeringa frå børsen og mot ein annan motpart, seier finansdirektør i Eviny, Anne Marit Steen.
Nedsalet kjem etter at Eviny i førre veke la fram ein halvårsrekneskap med eit underskot på 1201 millionar kroner. Den viktigaste forklaringa er eit tap på 2,6 milliardar kroner på sikringshandel.
Tidsskriftet Minerva skriv at Eviny «mangedobla denne handelen» i 2021.
– Selskapet har eksponert seg for mykje
Bergen kommune, som er hovudaksjonær i Eviny, kunngjorde måndag at dei over tid har sett spørsmålsteikn ved sikringsstrategien til Eviny.
Saman med dei andre eigarane har dei bede om eit møte med kraftprodusenten seinare i september.
Finansbyråd i Bergen, Per-Arne Hvidsten (V) seier til NRK at han «ikkje finn det rett» å involvere seg i den løpande forvaltninga av kraftselskapet, men at det er viktig for han å formidle at dei som eigar «ser for seg ein reduksjon i sikringsdelen».
Tilsvarande signal kjem frå ordførarane i Sunnfjord og Austrheim, som også er blant eigarane av Eviny (sjå under).
– Statsgarantiar er eit nødtiltak
Energipolitisk talsperson i Høgre, Nikolai Astrup, seier til NRK at han «forventar at selskapa har gode rutinar og strenge reglar for korleis dei skal handtere risiko».
– Det er viktig at selskapa ikkje pådreg seg finansielle forpliktingar som får noko å seie for kor mykje kraft som blir produsert når. Viss selskap til dømes hamnar i ein situasjon der kraftproduksjonen må aukast fordi selskapa må dekkje inn kortsiktige inntektsbehov, i ei tid der dei eigentleg burde ha halde igjen produksjonen, ville det ha vore uforsvarleg.
Han legg til:
– Statsgarantiar er eit nødtiltak, der staten tek på seg økonomisk ansvar for selskapa. Det seier seg sjølv at det er noko ein prøver å unngå.