Hopp til innhold

Kraftselskap endrar namn: – For eit tullenamn

31 kraftselskap har vore nøydd til å kome opp med nye namn det siste året. Som i tilfella Mesta, Vy og Equinor har internett allereie byrja å gjere narr av dei nye namna.

Fornybarselskapet BKK deles opp i to merkevarer. Nettselskapet skal fortsatt hete BKK, mens den øvrige delen av konsernet skifter navn til Eviny.

KOSTAR: Kostnadene med å skifte namn og logo på biler, bygg, ladestasjonar, arbeidsklede og digitale flater i BKK er anslått til mellom 40 og 50 millionar kroner.

Foto: Eviny

Fordi nettselskapa har monopol på å drive straumnett i sine regionar, har NVE pålagt energibransjen å gjere et merkevareskilje mellom nettselskap og den kommersielle delen av selskapa.

I alt har 31 selskap difor vore nøydd til å kome opp med nye namn det siste året (sjå faktaboks).

Tidlegare i månaden vart for eksempel Lyse Elnett til Lnett.

Og denne veka vart det nye namnet på det som ein gong heitte Bergenhalvøens Kommunale Kraftselskap – i dag kjend som BKK – avslørt.

Og barnet skal heite ... Eviny.

Reklamebyråa Pol og Try var inne i prosessen, men det var til slutt ein meinig tilsett som kom opp med det nye namnet.

– «Evig» var et av nøkkelorda som sto på kortlista, og så begynte eg å skrible litt rundt det, seier Preben Klyve Olsen.

Men ikkje alle likar det nye namnet:

– Tenk at nokon på ekte meinte det var eit godt namn, skriv BT-kommentator Jens Kihl.

Jens Kihl på Twitter

Trond Blindheim ved Institutt for marknadsføring meiner det «kunne vore lurt å halde på gamlenamnet til prisane normaliserast igjen».

– Straumprisen gjer at kraftleverandørane uansett står overfor eit kraftig omdømmetap, seier han.

– Vert vanskelegare å vite kva noko er

Førsteamanuensis i organisasjonsvitskap ved Universitetet i Bergen, Thor Øivind Jensen, seier det blir bråk fordi selskap og kundar til sjuande og sist har ulike interesser.

Selskap vil ha «dynamiske namn» som dei kan fylle med nytt innhald i møte med nye marknader, medan kundane føretrekker konkrete namn som gir umiddelbare assosiasjonar.

– Det er ein generell tendens til at det vert vanskelegare for forbrukarane å vite kva noko er, kor det kjem frå og kven som er ansvarleg.

– For eit tullenamn, er dommen til medievitar Maria Glambek, og legg til at det minner for mykje om datamaskinmerket Envy.

Leiar i Mållaget, Peder Lofnes Hauge, kvitterer slik:

– BKK såg «kjempesuksessen» med å kalle NSB for Vy, og prøvar sjølv.

– At nokre vil harselere lever vi greitt med.

Jan Kåre Austrheim er kommunikasjonssjef i BKK (namnet Eviny vert innført først ved nyttår).

– Det vil alltid vere delte meiningar om namneval, og det har vi respekt for. Men vi trur jo også at dette med nytt namn er ein modningssak. Vi er trygge på det vi har landa på, og opplever at det stort sett har fått god mottaking. At nokre vil harselere med det nye namnet, lever vi greitt med.

Han legg til:

– Eviny er eit nytt ord. Det er et vesentleg poeng her. Det er et unikt ord som vi kan ta fullt eigarskap til, og fylle med historier og innhald etter kvart som vi gjer det kjent og byggjar den nye merkevara.

I 2019 skapte NSB sitt namnebyte til Vy både ergring og forlysting.

– Vy høyrest ut som namnet på ein litt for dyr og jevvla sunn islandsk yoghurt, meinte Finn Tokvam.

Det vart også harselert med at «Noreg» burde skifte namn til noko mindre gamalmodig – som «NOR».

Enda meir omstridd var namnebytet frå Statoil til Equinor.

– Galskapen vil ingen ende ta, sa stortingsrepresentant for Ap, Sverre Myrli.

– Oljenamnet blir litt smalt, forklarte konsernsjef i Statoil, Eldar Sætre.

Denne veka endra BKK namn på den eine delen av selskapet. Som i tilfella Mesta, Vy og Equinor har internett allereie byrja å gjere narr av det nye namnet.
Foto: Skjermdump

Kan starte med nye ark

Avinor (Luftfartsverket), Mesta (Statens vegvesen) og Entra Eiendom (tidlegare ein del av Statsbygg) er andre namneendringar som har skapt hovudristing dei siste åra.

For ikkje å snakke om Oslomet (som dei sjølv insisterer på å skrive med stor M), som før heitte Høgskolen i Oslo og Akershus (HiOA).

– Namneskifte skaper ofte diskusjon, seier Tor W. Andreassen, som er innovasjonsprofessor ved NHH.

Han seier det er to grunnar til det. Det eine er at dei «bryt med det vante». Det andre er fordi omskilting og namneendring gjerne kostar mykje.

– Det som er viktig er at leiinga evner å bygge dei rette assosiasjonane inn i namnet – at deira kundar og samfunnet forbind dei med kva de held på med, kva de står for, og har tillit til at dei veit kva dei held på med.

LES OGSÅ: Why Vy? Duften av parfymert språk og stinkende selvfølgeligheter.