Hopp til innhold

Kraftkommunar får støtte av fattige naboar

Kraftkommunane får støtte av sine fattige naboar. Måndag rykte ordførarar frå fleire av dei 175 kraftkommunane ut mot forslaget om nye skattereglar for vasskraft. Dei risikerer å tape store delar av milliardane dei håvar inn.

Kraftlinjer

STRENGER AV GULL: Kraftkommunane kjempar no for behalde dei store inntektene som vasskraftutbyggingane gir.

Foto: Rune Fossum / NRK

Men også dei som ikkje tener gode pengar på vasskraft unner naboane sine vel.

– Eg skal vere så ærleg at eg seier at eg gjerne kunne ynskt meg meir pengar, men eg tykkjer ikkje det er rett å ta frå dei som har ressursane, seier Morten Askvik (Sp) som er ordførar i Hyllestad.

Eit fossefall kan vere lyden av eit klingande kassaapparat for 174 distriktskommunar. Vasskraft gjev milliardar i lokale inntekter, takka vere rause skattereglar. Desse reglane er føreslått endra av eit ekspertutval.

– Vi gjer denne skattlegginga meir lik skattlegginga av anna norsk næringsliv, seier Per Sanderud som har vore leiar for utvalet.

Dei vil fjerne såkalla konsesjonskraft og konsesjonsavgift. I staden for at kommunen får pengane direkte, vil dei at staten skal krevje inn og fordele ut att.

Store verdiar

Men i Hyllestad er ordføraren prinsipielt usamd i tankane til ekspertutvalet.

Morten Askvik (Sp), ordførar i Hyllestad

NEGATIV TIL SKATTEENDRING: Sjølv om ordførar Morten Askvik (Sp) i Hyllestad i får store inntekter frå vasskraft er han i mot å ta inntektene frå dei som gjer det.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Det er eg fordi eg meiner at det skal ligge igjen verdiar i kommunane der desse ressursane er, seier Askvik

Han er ordførar i ein av få kommunar langs Sognefjorden som ikkje har millionar i kraftinntekter.

– Det er heller beskjedent samanlikna med dei som verkeleg har store inntekter, seier Askvik.

– Hadde det ikkje vore freistande med ei omfordeling der ein kunne ta frå dei som tenar mykje på vasskraft og fordele på mindre kommunar som har sine utfordringar?

– Eg oppfattar ikkje at forslaget legg opp til det. Tvert i mot vil dette gå inn til dei store byane. Slik framlegget no er så ser eg ikkje at vi vil få noko særleg igjen, seier Askvik.

Viktige prinsipp

Lenger ut i Sognefjorden finn vi Gulen og Senterparti-ordførar Hallvard Oppedal som heller ikkje har store kraftinntekter.

Hallvard Oppedal

NATURRESSURSAR: Hallvard Oppedal (Sp) er ordførar i Gulen.

Foto: Anders Mildestveit / NRK

– Det har vore eit viktig prinsipp, at når ein gir noko til storsamfunnet, så skal det ligge noko igjen vertskommunen. Det er noko som vi no også har jobba for å få til innanfor vindkraft, seier Oppedal.

– Men i budsjettider er du ikkje av og til litt misunneleg på naboane dine innover Sognefjorden som har så mykje kraftinntekter?

– Jau, men det var sikkert dei som var misunnelege på oss også når vi fekk 36 millionar kroner frå Havbruksfondet, ler Oppedal. Det er faktisk slik at dersom du stiller naturressursane dine til rådvelde så skal det ligge noko igjen i dei kommunane. Når ein tenker slik på det så er eg ikkje misunneleg, seier Oppedal.

Nettotap på vindkraft

Kystkommunen Kinn har nokre millionar i kraftinntekter, men dei er ikkje medlem i samanslutninga av vasskraftkommunar. Likevel støttar Ap-ordførar Ola Teigen sine rike naboar.

Ola Teigen vart overraska over at kystradioen skal leggast ned.

STØTTAR KRAFTKOMMUNANE: Ola Teigen (Ap) er ordførar i Kinn.

Foto: Sigrid Sørumgård Botheim / NRK

– Eg støttar det kravet og eg trur det er heilt naudsynt dersom vi skal få til meir satsing på fornybar energi, seier Teigen.

Han trur at når så mange kommunar seier nei til vindkraft så er det fordi vinkrafta ikkje legg igjen pengar i vertskommunane.

– Når det gjeld til dømes Guleslettene som vi er involverte i, så vil kommunen sitte igjen med to millionar i året.

Desse inntektene vil gradvis verte mindre etter kvart som verdien av anlegga avtar.

– Vi blir sittande igjen med netto utgifter på denne utbygginga, i staden for inntekter slik ein har på ei vasskraftutbygging, seier Teigen.